Kultur | 25. feb. 2012

I hundre på Peppes

Vill start på vinterferien: Ole, Magne og Mike briljerte med kvar sine instrument.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. feb. 2012 07:07

MMY blei MMO då Magne Lunde og Mike Gallaher fekk Yngve Moe erstatta av Ole Amund Gjersvik fredag kveld.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Vi selte over 100 billettar, og det synes vi er bra no når det er ferie og fleire har reist til fjells, seier Tore Lekve, påtroppande festivalsjef på Osøren Blues & Jazzfestival.

– Og så er det så fint publikum, ein veldig grei og stemningsfull gjeng.

Les òg: Klar for toppmøte

Funky solo

Trommis Magne Lunde lovde improvisasjon og spontane sidesprang under kveldens konsert, og sånn blei det, meir eller mindre frå start.

Mike took it away på gitaren, Ole Amund behandla bassen sin hardt og Magne snudde brått den eine tromma og spelte på band under tromma. Mike var rask med å låna vekk plekteret.

Lunde drog også på med ein solo rimeleg kjapt, rundt 30 minutt ut i konserten. Då blei det tett rundt peisen der "scenen" var rigga.

Tre til før festivalstart

Det er festivalgjengen som i samarbeid med Peppes Pizza arrangerer dei populære, månadlege haust- og vinterblues-konsertane.

– Mange eg møter spør kor tid neste konsert er, og nokre spør om vi kan arrangera oftare, gjerne annakvar veke. Men eg trur dette held, vi skal ha noko å gle oss til òg.

– Samtidig bør det ikkje vera for lang tid mellom kvar gong, dette har blitt ein fin måte å halda publikum varme mellom kvar festival, frå sommar til sommar, seier Rekve.

Siste fredagen i mars er det Blue Note Shuffle sin tur, i april kjem Terje Frigaard og i slutten av mai, cirka ein månad før festivalstart, er det vårblues på Peppes med Eric "Slim" Zahl & The Soth West Swingers.

Årets festival blir arrangert 29. juni til 1. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.