Vêret i Os | 29. juni 2025

I kveld skal det letta

Melder fleire solrike dagar i veka som kjem.

I kveld skal det letta
Det regna kraftig i Os på formiddagen søndag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. juni 2025 12:11

Mens det var nesten samanhengane opphald frå 20. april til 20. mai, har det vore meir enkeltvis med sol og varme i juni, som laurdag for ei veke sidan.

Men i overgangen til juli ligg det an til å tørka opp.

Det regna tungt i Os søndag formiddag, og det er meldt meir nedbør utover dagen.

Men det skal letta.

Yr melder opphaldsvêr frå klokka 14, Storm melder skyfri himmel frå klokka 20.

Temperaturen skal ikkje i vêret, men halda seg på 13-14 gradar.

Med unntak av tysdag morgon skal det halda seg tørt og lettskya samanhengande til fredag morgon.

Det skal òg bli noko varmare, men det ser ut som om vi må nøya oss med 17 gradar på det varmaste.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.