Kultur | 20. juni 2011

I målretta marsj

VIDEO: Eit av Noregs tre sekkepipeband, The Bergen Pipe Band, kom for å spela i heimbygda til seks av medlemmane.

I målretta marsj
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. juni 2011 12:26

Søndag var det eit noko spesielt opptog gjennom Os, forbi Undino og ut til Oseana.

Nedst i artikkelen:
SJÅ VIDEO FRÅ MARSJEN OG KONSERTEN

Ordførar Terje Søviknes måtte finna seg i å gå bakerst i dette toget, som hadde sekkepipeband i front, på veg til Oseana for å halda ein minikonsert.

– Vi er seks frå Os i bandet, fem av oss er med i dag. Men dette er første gong vi speler i Os, fortel Nina Birketvedt.

Søstera Marie er gift med leiaren i bandet, skotske Chris Jones.

– Vi har gått som nummer 5 eller 6 i 17. maitoget i Bergen dei siste tre åra og vi har spelt på trebåtfestivalen i Norheimsund og med Hans Majestet Kongens Garde på Lillehammer, fortel Jones.

– 30. juni skal vi spela på Brann Stadion, under Brann - Odd Grenland, men først var det på tide å gjera seg litt kjent i Os.

Programdirektør i Oseana synes innslaget var nok eit fint bidrag til opningsfestivalen.

– Dei kontakta oss og sa dei ville koma og spela i Os, og det syntes vi var veldig kjekt, seier Berit Steen.

(RETTA: Vi skreiv først at det er to osingar i bandet. Det er feil, heile seks av medlemmane i bandet er frå Os.)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.