Kultur | 26. juni 2019

I morgon kan du marsjera i buekorps - i Os

Gutane frå Dræggens Buekorps returnerer til Os - til ordførar Terje Søviknes kjem dei med ei utfordring.

I morgon kan du marsjera i buekorps - i Os
Torsdag kan dette vera deg, om du er mellom 7 og 15 år, eller Terje Søviknes. Dræggens Buekorps inviterer til marsjering, tromming og bogeskyting. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 26. juni 2019 19:33

For nokre veker sidan fekk Os sentrum eit høglytt besøk då Dræggens Buekorps tok turen innom Os.

Ei av grunnane for besøket var at korpset ville helsa på rævediltaren som no prydar eine sideveggen på eit av husa ved torget i sentrum.

Frammøte osingar fekk sjå og høyra orden i rekkjene frå korpset som held i hevd ein 160 år gammal tradisjon.

Marsjering, tromming og bogeskyting

I morgon startar Osdagane 2019, og frå klokka 12 og utover dagen legg Dræggens Buekorps opp til aktivitetar for gutar og jenter i alderen 7 til 15 år.

Dei som vil kan få prøva å marsjera, og tromma samman med drilltroppen gjennom gatene i Os sentrum. Er du ekstra flink vankar det premie for beste gut og jente.

Bogeskyting er ei obligatorisk øving i Dræggens Buekorps, og i morgon kan du òg få prøva deg du òg.

Men kan Søviknes marsjera?

Under det førre besøket til Dræggens, vart ordførar Terje Søviknes overrekt ei bordfane av buekorpset.

No kjem dei attende, ikkje med ei ny gåve, men med ei utfordring;

«Dræggens utfordrer Ordfører Terje Søviknes til å marsjere sammen med drilltroppen!»

Under kan du sjå programmet for morgondagens besøk.

Om du ikkje finn korpset eller «standen» deira, er følgjande eit godt råd:

– Gå etter lyden!

Program:
Kl 1200 -1230 Marsj i sentrum sammen med alle gjestar.
Øving på marsjering «Dræggens utfordrer Ordfører Terje Søviknes til å marsjere sammen med drilltroppen»
Marsjrunde nr. 1. Kl 1400 -1430
Marsjrunde nr. 2. Kl 1500-1530
Trommeaktiviteter - Heile dagen (10 personer av gangen ca. 15 minutter pr. gang)
Bogeskyting - Heile dagen (10 skot per deltakar).
Påmelding skjer på Dræggens sin stand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.