Lokal | 22. jan. 2020

Torsdag skal denne gjengen på opplæring

Sånn er programmet for årets første kommunestyremøte.

Torsdag skal denne gjengen på opplæring
Bjørnafjorden kommunestyre, her i siste møte i 2019. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. jan. 2020 21:20

Dei første politiske møta er i ferd med å koma i gang.

Førre veke var ombodsutvalet samla, måndag hadde Bjørnafjorden eldreråd møte. Dei gjekk gjennom ulike reguleringsplanar for uttale til behandling, ei sak om velferdsteknologi og prosjektet «leva heile livet».

I neste veke er det møte i både tenesteutvalet, plan- og bygningsutvalet, ungdomsrådet og råd for folk med nedsett funksjonsevne.

Bjørnafjorden kommunestyre blir samla allereie i morgon, men dagen vil neppe innehalda hard ordutveksling.

Medlemmane i kommunestyret skal nemleg ha dag 2 av folkevald opplæring.

Møtet blir i Fjorden Arena, og det er dei faste medlemmane som er kalt inn.

Dette er programmet for dagen (revidert i forhold til det vi la ut først):

09.00 Korleis har starten på arbeidet vore?
Korleis er klimaet i kommunestyret?
Har Bjørnafjorden blitt ein kommune, eller lever Fusa og Os vidare i det politiske ordskiftet?
Ser kommunestyret på seg sjølv som eit kollegium, eller er ein eit fleirtal og eit mindretal i det daglege?
Vi nyttar IGP-metoden. Alle skriv tankane sine ned på eit ark (I), så drøftar vi dette i gruppene (G), og så deler vi i plenum (P).

10.30 Pause

10.45 Etiske dilemma i rolla som folkevald
Etikk og moral. Kvifor må vi reflektera over dette?
Gild eller ugild? Utdjuping av temaet med «case-oppgåver».
Kva kan vera utfordrande med ombodsrolla? Kven er vi ombod for?

  • Kort førelesing ved Petter Steen
  • Arbeid i grupper og plenum med case- og refleksjonsoppgåver.

12.00 Lunsj

13.00 Arbeidsgjevar for 1.700 flotte medarbeidarar!
Korleis skal kommunestyret utøva arbeidsgjevarrolla si?
Kor ligg utfordringane?
Kan vi gå inn og ut av arbeidsgjevarrolla?

  • Kort førelesing ved Petter Steen
  • Arbeid i grupper med case- og refleksjonsoppgåver.

14.00 Samspelet med administrasjonen
Kommunedirektøren sine ynskje for samarbeidet
Slik er arbeidsdelinga i kommunar som får det til!

  • Kommunedirektøren deler sine tankar om samspelet frå sin ståstad.
  • Petter presenterer prinsippa
  • Drøfting i plenum: Slik vil vi ha det i Bjørnafjorden!

14.45 Evaluering og avslutning

15.00 Slutt

Neste kommunestyremøte er tysdag 18. februar. Bjørnafjorden formannskap har årets første møte 4. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.