Lokal | 09. okt. 2014

I natt blir det endå større flo

Er du redd for at båten din skal hamna på land - eller bilen i vatn, bør du sjå til den i kveld.

I natt blir det endå større flo
Nedste del av Oselvo i 12-tida i dag, cirka eit kvarter etter full flo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. okt. 2014 12:22

Meteorologisk institutt kjem med OBS-varsel om høg vasstand i Rogaland og Hordaland torsdag og fredag.

Hordaland:
Risiko for høy vannstand, estimert til 20-30 cm over høyden oppgitt i tidevannstabellen, ventes seint torsdag kveld og seint fredag formiddag. Mer informasjon om tidevann og vannstand finnes på sehavniva.no

Rett etter full flo torsdag ettermiddag var vasstanden nedst i Oselvo så vidt under parkeringsplassen bak Handlegården.

Rundt midnatt, klokka 00.12 natt til fredag, er det venta endå høgare flo, 4 cm høgare enn på maksnivå i dag.

Også fredag formiddag og natt til laurdag er det meldt høg flo i Hordaland.

For varsel om vasstand i Os; sehavniva.no.

Den siste veka har det vore mykje kraftig vind, men i dag er det ganske stille i Os hamn, og det er heller ikkje venta særleg sterkare vind det neste døgnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.