Sport | 24. okt. 2010

I Noregstoppen

Talent frå Os gjer det skarpt på landslagssamlingar.

I Noregstoppen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. okt. 2010 07:54

Karateklubben på Os har no regjert i mange år på regionale stevner og tålmodig arbeidd seg til fleire all-style NM-medaljar. EM- og VM-medaljar innan stilarten har og hamna i dei etter kvart velfylte premieskapa til dei dyktige ungdommane.

No har dei beste utøvarane frå Os karateklubb, Henrik Reed-Larsen og brørne Erlend og Åsmund Slettevold, vore på fleire all-style landslagssamlingar og vist ettertrykkeleg at dei framleis er på høgde med dei beste i landet.

Invitert etter initiativ frå klubben
Etter at det vart teke initiativ for å få betre informasjon om uttakskriteria for å koma på landslaget, vart det ”vei i vellinga” for talenta. Det viste seg då at NM-vinnarane og -medaljørane lenge hadde vore ”på blokka” til landslagsleiinga.

Kriteria for å verta toppidrettsutøvar vart og gjort greie for i informasjon til klubben. Det viste seg at ungdommane i lang tid hadde oppfylt krava til type trening, antal treningstimar og passande livsførsel for å kunna kalla seg toppidrettsutøvarar.

Harde krav til trening
Minimum 14 timar i veka med karate og basistrening er kravet for Åsmund, som framleis går på ungdomsskulen. Dei to eldste som har passert 18 år, må ha 21 timar trening i veka og innstilla seg på å føre treningsdagbøker som rutinemessig vert kontrollert av landslagsleiinga. Dei har mange år med hard trening bak seg, så overgangen vert nok størst på det papirmessige planet.

Åsmund har trent i rundt fem år, medan broren Erlend har halde på litt lenger. Han har vore nøydd til å ha litt opphald i treninga etter NM-sølvet for to år sidan, grunna utgreiing av hoftene. Henrik har halde på med karate sidan 2001. Barnetreninga og tilvenninga opp til tolvårsalderen gav eit godt grunnlag før han nådde aldersgrensa for heilfarga belter, 13 år. No har han det tredje brune beltet og har berre ein farge att å knyta rundt livet.

Takka nei til katalandslaget
Åsmund fekk tilbod om å vera ein del av den nasjonale talentsatsinga i kata, men etter å ha sett på kor mange helger som ville gå med til dette, vart den tunge avgjersla å takka nei til dette tilbodet.

Det fekk halda å trena kata i klubben og gå katakonkurransar med det utgangspunktet. Sist kata-bragd han leverte, var å forsvara EM- tittelen i Wado-karate, så klubbtreninga er nok ikkje eit dårleg alternativ. Klubben si aktive talentsatsing har vore mest mot kumite/frikamp, men ved å ha variert trening mot alle dei viktige områda i karaten, vert mellom anna kata/mønster og ivareteke.

Kniving om kontraktar
Talentsatsinga og landslagssamlingane som Os karateklubb sine utøvarar har blitt ein del av no, har mellom anna gått føre seg på Olympiatoppen. Det er likevel ikkje alle på landslagssamlingane som får tilbod om lengre kontrakt med landslaget. Osingane har fått svært gode tilbakemeldingar frå dei meritterte landslagstrenarane Arild Lund og Morten Alstadsæter, men ingen på landslagssamlingane får tilbod om nye kontrakter før kring årsskiftet.

Landslagssamling med medaljefangst
Etter fleire samlingar på toppidrettssenteret, deltok landslagsgruppa for to veker sidan på eit internasjonalt cup-stevne i Sverige for å måla krefter med andre landslagsutøvarar. Den raske bussturen over grensa resulterte i ein sølv og to bronsemedaljar.

Henrik Reed-Larsen og brørne Åsmund og Erlend slettevold vil nok vera gode namn for landslagsleiinga framover. På dette stemnet var det ikkje medaljar som var fokus, men kamptrening og intenst fokus på arbeidsoppgåver. Det var likevel kjekt å få med seg eit lite medaljeminne kvar heim.

To nye hofter, to nye gull
I starten på denne månaden vart det arrangert eit krinsstemne i Haukelandshallen. Dette var staden for konkurransedebuten til Erlend Slettevold med to nyopererte hofter. Etter nærare to år på krykker grunna kirurgiske justeringar i midtpartiet, var talentet innstilt på å få vist at han var totalt restituert.

Innsatsen resulterte i gull både i kata og kamp. Broren Åsmund var coach denne gongen og gjorde ein glimrande jobb . Fleire andre frå Os karateklubb var og i aksjon på dette stemnet og henta heim fleire medaljar etter gode prestasjonar.

Kvifor har dei ikkje svart belte?
Det verkar gjerne litt spesielt at ingen av desse dyktige ungdommane har svart belte enno. I stilarten som dei trenar på Os har ein ei aldersgrense for å få gradera seg til svart belte, medan i andre klubbar og andre typar karate er det gjerne annan praksis.

Nokre stilartar reknar gjerne tre år på å nå svart belte, medan det tek minst fem år med hard trening for å nå meistergraden i andre stilar. Ein klubb på Austlandet hadde som mål å få ein vaksen mann til å ta svart belte på eitt år og dei fekk det faktisk til.

Beltefargen har uansett ikkje vore noko stort tema, korkje i klubben eller blant ungdommane seg imellom. Resultata som kjem jamt og trutt både nasjonalt og internasjonalt, seier sitt om at det ikkje er farge og synleg slitasje på beltekantane som er det viktige i karate. Den betydelege dugnadsånda blant både trenarar og foreldre gjer og at alt fokus kan rettast vekk frå økonomisk vinning og inn mot felles sportsleg framgang og klubbkjensle.

Utdanna barnetrenarar
Noko av det beste som har skjedd klubben, er at ungdommane i klubben har teke trenarutdanning og er med på å utvikla nye talent. Det er som kjent svært effektivt for utøvaren sjølv å lære frå seg kunnskap. Ikkje berre får klubben vidareføra kunnskap, dugleikar, haldningar og erfaringar, men den auka forståinga og innsikta som trenarane får gjennom dette arbeidet, er ubetaleleg.

Å villa trena barneparti i tillegg til det høge antalet treningstimar som vert nedlagt, er ikkje mindre enn imponerande. Dei to andre barnetrenarane, Anders Lunde og Anders Lemme skal og ha mykje skryt for den innsatsen som er gjort for å få fram talent i klubben.

Sjefen tilbake
Hovudtrenar Cato Bruarøy har no brukt nokre år på å byggja opp ei god og sterk fighterstamme i klubben på Os. Den erfaringa som hovudtrenaren har opparbeidd seg gjennom deltaking på nasjonale og internasjonale stemne, både som coach og suksessrik utøvar gjennom 28 år, nyt no ungdommane godt av.

Ein trenar med 6.dan (svart belte, sjette grad), gjer klubben svært priveligert, ikkje berre med tanke kunnskap, forståing og innsikt i karaten sine mange sider, men og med tanke på det store nettverket av ressurspersonar klubben får tilgang på. At klubben også generelt har gode kvalitetar innan kunnskapar, dugleikar og haldningar, er gjerne og noko som kan forklara det stabile medlemstalet, etterveksten og vedvarande suksessen innan konkurranseformene til WKF(World Karate Federation).

For Os karateklubb
Heine Øvredal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.