I ny trenarjobb
Frank Hellevik går til ein klubb som kan bli Os sin motstandar neste år.


I går hadde Frank Hellevik sin første arbeidsdag som avdelingsleiar for Manpower i Bergen. I går fekk han også ny trenarjobb.
- Eg blir trenar for Fyllingen, fortel Hellevik.
Kjetil Knudsen held fram som hovudtrenar i ny modell som også inkluderer Frank Hellevik. Dei to kjem til å ha kvar sine oppgåver med laget som rykte ned til 3. divisjon i fjor og som var 4 poeng frå å vinna serien i år.
Sterk stall
Kjetil Knudsen var Hellevik sin trenar då han var lilleputtspelar på Brann. No skal dei saman leia Fyllingen opp i 2. divisjon igjen.
- Vi får sjå om det blir neste år eller året etter, klubben er uansett i ein positiv situasjon med sterk spelargruppe etter første del av eit generasjonsskifte som blir fullført neste år.
Os kan hamna i pulje med Fyllingen og få gamletrenaren som motstandar i 2011. Det er som kjent juniortrenar Øyvind Steffensen som overtar A-laget til Os.
Fin tid i Os
Hellevik fekk ein fantastisk start i Os, saman med Tore Nielsen løfta han fram mange unge talent i Os og Os 2 og saman klarte dei dobbelt opprykk i 2009.
Årets sesong starta dårleg, hadde ein god haust, men enda dessverre med nedrykk, noko som også blei gjeldande for begge lag sjølv om andrelaget hamna på den nødvendige 6. plassen for å halda seg.
- Sjølv om vi fekk ein resultatmessig svak start på årets sesong har 2010 vore det mest innhaldsrike og lærerike året for meg som trenar. Eg er imponert over kva Os klarte å mobilisera i haust, synd vi var desse få poenga frå å halda oss.
- Eg har mange flott minne frå desse to åra og eg har fått fleire gode venar i Os. Innsatsen min har vore 100 prosent ærleg, eg har gjeve det eg har hatt både på banen og i rolla som dagleg leiar det siste året.
- Få fleire med
Avtroppande trenar trur Øyvind Steffensen er ein god mann til å overta A-laget, og ønskjer han lykke til med 2011.
- Kva blir dei største utfordringane Øyvind vil møta?
- Etter eit nedrykk er det jo alltid spennande å sjå kva spelarar du held på. Men med Os sin unge stall trur eg det kjem til å gå fint.
- Når det gjeld Os Turn Fotball er det avgjerande at dei får fleire folk til dei mange oppgåvene det er med å driva ein så stor klubb. I dag er det nokre flinke, men litt for få som gjer ein stor innsats for veldig mange unge og vaksne.
- Og din jobb på Os, er den heilt ferdig?
- Nei. Spelarane har fri, men etter MidtsidenCup i helga har eg éi oppgåve igjen. Vi skal laga den årlege kalenderen som spelarane skal ut å selja, så her blir det innhenting av bilde, prisar frå trykkeri og litt annonsesal.
Dei største skattane
På spørsmål om kva er dei største skattane til Os, kven er dei mest spennande spelarane bygda har å by på, er ikkje Frank sein med å svara.
- Kjetil Hansen, Per Søgnen Merai, Erik Kanestrøm, Mats Lepsøe og Vegard Leikvoll Moberg. Desse fem har alt, talentet og haldningane, dei kan nå så langt dei vil, meiner Frank Hellevik.