Lokal | 22. okt. 2018

I nytt lokale etter 39 år

I dag opna Apotek1 i Sentrumskvartalet.

I nytt lokale etter 39 år
No finn du Apotek1 i Sentrumskvartalet. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 22. okt. 2018 08:39

Bildeserie:

Glade damer i nytt hus! Elisabeth Røttingen Johnsen (t.v.) og Margunn Nerhus. (Foto: KOG)
Glade damer i nytt hus! Elisabeth Røttingen Johnsen (t.v.) og Margunn Nerhus. (Foto: KOG)
Torsdag vert det offisiell opning av den nye butikken. (Foto: KOG)
Torsdag vert det offisiell opning av den nye butikken. (Foto: KOG)
Foto: KOG
Foto: KOG
1 av 3
Glade damer i nytt hus! Elisabeth Røttingen Johnsen (t.v.) og Margunn Nerhus. (Foto: KOG)
Torsdag vert det offisiell opning av den nye butikken. (Foto: KOG)
Foto: KOG

Apoteket, som for dei fleste «alltid» har vore i Brugata, har no flytta på seg.

– Dei tre første åra, frå 1979 til 1982, var vi ein del av filialen på Nesttun, fortel Margunn Nerhus ved Apotek1 Os.

– I 1982 vart vi eigen filial, og om eg ikkje hugsar feil, har vi vore gjennom tre ombyggingar i dei åra vi har vore i Brugata.

– No har vi fått oss nye lokale med særs god plassering. Ikkje minst er det mykje meir dagslys i desse lokala, seier Nerhus.

Flytta heile apoteket på éi veke

Nerhus fortel at sjølve flyttinga har tatt ei veke, og at det har vore ope i dei gamle lokala heilt fram til stengetid laurdag.

– Vi har jobba parallelt med å førebu dei nye lokala, halda ope og flytta samstundes. Det har vorte nokre lange dagar, men sjølv med så mykje å halda styr på, har vi kome greitt i mål.

Torsdag vert det offisiell opning av den nye butikken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.