Næringsliv | 23. aug. 2010

I ope landskap

Nordea løftar seg på Vestlandet. Kontoret på Os er blant dei første i ny drakt.

I ope landskap
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. aug. 2010 08:59

- Vi hadde stengt ei veke for å bygga om. No har vi fått nytt kundemottak, ope kontorlandskap og nye møterom der vi set oss ned med kundane, seier leiar for Nordea på Os, Svein-Erik Halhjem.

Sjølv har han ofra kontoret sitt til fordel for det nye landskapet.

Nesten først
Nordea region vest fornyer seg fleire plassar, noko regionsjef Dagfinn Neteland gler seg over.

- I juni flytta Nordea Stord inn i nye lokale på Heiane, i dag har vi re-etablering på Os og så står Fana og Åsane for tur. Dette er ein viktig del av satsinga vår på Vestlandet, og noko eg trur dei andre regionane kjem til å ta etter når dei får sjansen, sa Neteland før han klipte snora.

Krev meir
Før snorklippinga fortalte Halhjem om den generelle utviklinga i bankbransjen og om årsaka til ombygginga.

- Det blir stilt strengare krav til dokumentasjon, produktutvalet er større og kundane kan i større grad få spesialtilpassa løysingar på alt frå lån til sparing og forsikring.

For det er ikkje berre dei som søkjer om lån til bustad eller bil som set pris på å få sitja i fred med ein rådgjevar. Nye pensjonsreformar og eit stort utval i alternative sparemetodar gjer at fleire kundar liker at rådgjevaren har tid til å forklara.

- Dette krev ikkje berre meir av kunden, det krev meir av oss. Derfor skal vi no arbeida i ope landskap, men ta med oss pc-en og kopla oss opp i eige møterom når vi tar imot kundar.

God lånevekst
Kollegaer frå andre avdelingar, leiinga i regionen og samarbeidspartnarar var invitert til opninga av dei ombygde lokala i Bjørnegården måndag morgon.

Blant samarbeidspartnarane er eigedomsmeklarselskapet Privatmegleren.

- Medan den generelle låneveksten i Noreg har lagt på 10-15 prosent har vi auka med 25 prosent i året sidan 2008. Utviklinga ved kontoret har vore veldig positiv på fleire område, seier Halhjem.

Klarar mykje sjølv
Den nye Nordea-avdelinga legg også opp til at kundane skal klara meir sjølv. Eigen automat for innskot og uttak har vore på plass ei stund, og kundane blir vist korleis dei skal betala rekningane sine per brev, telefon eller i nettbank.

- Vi har framleis kundar som ikkje har bankkort, og tar imot desse som før. Men vi ser også at eldre kundar synes det er enkelt når dei får sitt første bankkort og ser kor lett det er å bruka, seier Svein-Erik Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.