Sport | 13. nov. 2014

I par med Kramer

Sverre Lunde Pedersen opnar World Cup-sesongen med toppfight mot Sven Kramer fredag morgon.

I par med Kramer
Sverre Lunde Pedersen er klar til verdscupopninga i Japan (privat foto)
Andris Hamretorsdag 13. nov. 2014 11:34

Det er berre å stilla inn på NRK tidleg fredag morgon om du vil ha med deg World Cup-opninga på skøyter. Sverre Lunde Pedersen opnar på 5000 meter i åttande par mot skøytekongen Sven Kramer frå Nederland. Sendinga startar klokka 08.10 og 5000 meteren er første øving.

– Eg føler meg bra og gler meg til å komma i gang.

– Det blir spennande å sjå korleis eg står i høve konkurrentane.

– Treninga har iallefall gått slik som eg hadde planlagt her borte, fortel Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden frå Japan.

Gode tilhøve

Skøytelandslaget, med kaptein Sverre Lunde Pedersen kom til japanske Obihiro torsdag i førre veke og har nytta tida til aklimatisering og trening.

– Treninga så langt har gått bra og formen ser ut til å bli betre for kvar dag som går.

– Isen her i Obihiro er ganske rask og temperaturen i hallen er formidabel.

– Testtidane på treninga så langt vitner om at vi kan hevde oss godt på resultatlistene, rapporterar landslagleiarane Sondre Skarsli og Lasse Sætre på skøyteforbundet si eiga heimeside.

Dei andre utøverane som er i Japan er Ida Njåtun, Espen Aarnes Hvammen og klubbkamerat til Lunde Pedersen, Håvard Lorentzen.

Presset ligg på Sverre

Med Håvard Bøkko ute med skade til over jul, er Sverre Lunde Pedersen den naturlege kapteinen og nestoren på Skøytelandslaget.

Forventningane til osingen er høge etter ei oppkøyring kor han har trent meir enn tidlegare.

- Eg føler meg betre trent i år. Eg føler også at eg tåler meir, ikke minst av trening. Det har sjølvsagt litt i seie at eg har blitt eitt år eldre også, seier Lunde Pedersen til Aftenposten.

- Målet er å kjempa i toppen både på 1500 og 5000 meter i verdscupløpa både i Obihiro og Seoul. Eg satsar på pallplass båe stader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.