I praksis i Kolskogen
Politistudent Sindre Lekven Hallem har praksisåret i heimbygda. I dag hadde han trafikkontroll i Kolskogen.


- Vi har stått her i om lag ein time. Éin bilist fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkort, to andre fekk skriftlege merknadar grunna tekniske feil eller manglar, seier Sindre Lekven Hallem.
Andre året på politihøgskulen er praksis, og Sindre har fått praksisåret ved Os lensmannskontor i heimkommunen.
- Eg starta med to veker i leir og halvanna veke innføringskurs. Eg har også hatt første del av kurset i utrykking før eg denne veka kom i drift med praksisen.
Med seg i feltet hadde Hallem politibetjent Kenneth Rastad.
- Vi har hatt to praksisplassar ved kontoret dei siste åra, og det reknar eg med at vi held fram med. Studentane er med i tenesta på lik linje med oss andre, fortel Rastad.
- Det er utruleg gøy og veldig interessant, synes Sindre etter ei veke i praksis.
- Og så er det kjekt å ha ein assistent, legg Rastad til med eit smil.