Sport | 03. mars 2015

I rekordform før VM

Sverre sette to nye personlege rekordar og var 0,09 frå å setja ny verdsrekord. Til helga startar VM allround i Calgary.

I rekordform før VM
Sverre Lunde Pedersen, her under verdscupen i Berlin tidlegare denne sesongen. (Foto: Sander Hvammen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. mars 2015 09:10

Sverre Lunde Pedersen og resten av landslaget er i Canada for å førebu seg til VM allround, som startar til helga.

Laurdag viste dei norske skøyteløparane knallform då dei deltok i Time Trials på VM-arenaen.

Nær ny verdsrekord

Sverre Lunde Pedersen gjekk ein lynrask 3000 meter og vann med tida 3.37,37, som er 0,09 frå Eskil Ervik sin nesten 10 år gamle verdsrekord.

Med det skjerpa Sverre sin tre år gamle personlege rekord med 0,21 sekund.

Russiske Dennis Yuskov kom på 2. plass, belgiske Bart Swings på tredje. Håvard Bøkko kom på 6. plass av 19 deltakarar.

Sverre sette også ny pers på 500 meter, der han gjekk inn til 12. plass på tida 36,35. Den førre rekorden hans blei sett på same is i 2011 og var på 36,56.

Også Simen Spieler Nilsen (35,72) og Håvard Bøkko (35,75) sette nye personlege rekordar på 500 meter, og Ida Njåtun sette ny norsk rekord med 1.15,07 på 1000 meter.

På NRK til helga

NRK2 sender frå Calgary laurdag kveld frå klokka 20. Sverre sin 5000 meter kan du sjå frå klokka 22.45.

Søndag viser NRK1 høgdepunkt frå laurdagen klokka 17 og direkte på NRK2 1500 meter frå klokka 18.55 og 10.000-meteren frå klokka 20.50.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.