Næringsliv | 07. juni 2011

I rute?

Graving og sikring har tatt tid. Får Amfisenteret lokale til Coop Extra innan oktober?

I rute?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. juni 2011 11:21

Arbeidet med å utvida AMFI Os frå 18.000 til drygt 20.000 kvadratmeter starta noko seinare, og blei noko meir krevjande enn først venta.

– Før jul blei det oppdaga at leira senteret står på var av ein uventa laus sort. Derfor blei byggestart utsett til siste halvdel av februar og starten gjekk med til å sikra massene under eksisterande bygg med stålplater, sokalla spunting, forklarte eigedomssjef i AMFI, Solveig Oksholm Hunhammer, i mars

Jobbar doble skift

Framleis ser arbeidarane ut til å vera «djupt nede», men arbeidet skal ifølgje senterleiar Anne Kristine Tøsdal vera i rute.

– No held dei på med armering og støyping av golv i det som skal bli parkeringsgarasje. Bygget reiser seg i løpet av sommaren og det blir jobba doble skift for å nå målet om opning av Coop Extra 27. oktober.

Auka omsetnad

I mellomtida blir det naturlegvis byggeplass utanfor senteret og ein del færre parkeringsplassar. Førebels skal ikkje dette ha råka handelen.

– Om vi ser på samanliknbare tal frå i fjor har omsetnaden ved senteret gått opp med 3 prosent til no i år. Dette er betre enn landssnittet, så vi er nøgd med tala, seier Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.