Sport | 22. aug. 2011

I samtlege finalar

Os skyttarlag med historisk prestasjon: Skyttarar i samtlege finalar under samlagsstemnet på Tysse.

I samtlege finalar
Andris Hamremandag 22. aug. 2011 13:40

Årets samlagsstemne i Tysse blei ein gedigen opptur for Os skyttarlag sjølv om det blei litt stang ut på finaledagen.

- Eg trur dette er den beste prestasjonen vi som skyttarlag har hatt gjennom tidene, seier Helge Eidsvik.

- Vi fekk heile 14 skyttarar til finalene på sundag og var representert i samlige klassar.

"Fersking" vann

Best i finalane gjorde "ferskingen" Jostein Espelid i klasse 1.

- Jostein starta å skyte så smått hos oss for to vintrar sidan, men det er først i år han har blitt med ut på stemner.

- I klasse 1, som er klassa for vaksne nybyrjarar, skaut Jostein likegreit seg fram til siger med 246 poeng, fortel Eidsvik.

9,9 og 10,4 hindra siger

I finalane blei det for mange av skyttarane berre millimeter som hindra enda fleire klassesigrar til Os skyttarlag.

- Når vi konstaterar at mange av seriane hadde ein 9,9 eller ein 10,4 i staden for 10,0 og 10,5 må vi kunne betegne det som litt stang ut, smilar Eisvik.

Mellomanna måtte Lisa Mine Gunhan sjå seg slått på målstreken til tross for ein ny 350-serie. 16 skot med 10,5 held ikkje mot dei 20 skota Elise Velsvik Stien frå Herdla satte midt i blinken.

Os skyttarane sine resultat

Klasse 3-5, 200 meter
7. Jan Kristina Evensen - 343
12. Ragnhild Eide Ure - 341 (vinnar kvinneklassa)
32. Geir Viggo Dale - 332

Klasse V55, 200 meter
2. Oddvar Drange - 345

25 skudd, kl 1 - 200 meter
1. Jostein Espelid - 246
3. Roald Nerhus - 242

25 skudd, kl 2 - 200 meter
2. Henrik Nygård - 239

25 skudd, kl 3 - 200 meter
8. Erik Mjelde - 232

25 skudd, kl 4 - 200 meter
1. Jan Kristian Evensen - 244

25 skudd, kl 5 - 200 meter
10. Ragnhild Eide Ure - 242

Klasse R - 100 meter
4. Mikal Smaadal - 339
7. Isak R. Eidsvik - 329

Klasse ER - 100 meter
5. William Wiers - 347

Klasse J - 100 meter
2. Lisa Mine Gunhan - 350
6. Cathrine Daviknes - 347
7. Joachim Nerhus Midtun - 347

Klasse V65 - 100 meter
7. Else Eidsvik - 347
9. Odd Gorm-Hansen - 347

Klasse V73 - 100 meter
3. Steinar Eidsvik - 348

25 skudd, klasse R - 100 meter
5. Mikal Smaadal - 244
6. Isak R. Eidsvik - 243
10. Tonje Gorm-Hansen Tøsdal - 241

25 skudd, klasse ER - 100 meter
7. William Wiers - 248

25 skudd, klasse J - 100 meter
2. Lisa Mine Gunhan - 250
4. Joachim Nerhus Midtun - 248
8. Cathrine Daviknes - 247
9. Tommy Gorm-Hansen Tøsdal - 245
14. Heidi Hovland - 240

25 skudd, V65 - 100 meter
5. Odd Gorm-Hansen - 249
10. Else Eidsvik - 248
15. Oddvar Eikemo - 247

25 skudd, V73 - 100 meter
3. Steinar Eidsvik - 249
7. Thorbjørn Klausen - 247
8. Gunvald Smaadal - 246

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.