I takt med terrenget

Seks etasjar på Søfteland: Med tre nye bygg kjem det no rundt 100 terrasseleilegheiter i Hjellemarka.

Direktør Bjørn Rune Markhus og marknadsansvarleg Monica Helene Hansen har valt å bygga terrassehus i skråningen opp mot Hjelleåsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. feb. 2016 12:06

Bildeserie:

Med utsikt over terrassehusa. (Ill.: Markhus Bolig)
I januar i år flytta dei siste inn i Markhus sitt første felt i området. (Foto: KVB)
Her har dei òg selt tomt til denne barnehagen, som opnar i april. (Foto: KVB)
I denne skråningen kjem det tre terrasseblokker, den første er under bygging. (Foto: KVB)
Sånn skal det sjå ut når det er ferdig. (Ill.: Markhus Bolig)
Markhus prioriterer store terrassar. Utsikt mot Gåsakilen og solnedgangen. (Ill.: Markhus Bolig)
Interiør med god arealutnytting. (Ill.: Markhus Bolig)
På toppen kjem Hjelleåsen Panorama, som nyleg hadde salsstart. (Ill.: Markhus Bolig)
Med utsikt over terrassehusa. (Ill.: Markhus Bolig)
I januar i år flytta dei siste inn i Markhus sitt første felt i området. (Foto: KVB)
1 av 8
I januar i år flytta dei siste inn i Markhus sitt første felt i området. (Foto: KVB)
Her har dei òg selt tomt til denne barnehagen, som opnar i april. (Foto: KVB)
I denne skråningen kjem det tre terrasseblokker, den første er under bygging. (Foto: KVB)
Sånn skal det sjå ut når det er ferdig. (Ill.: Markhus Bolig)
Markhus prioriterer store terrassar. Utsikt mot Gåsakilen og solnedgangen. (Ill.: Markhus Bolig)
Interiør med god arealutnytting. (Ill.: Markhus Bolig)
På toppen kjem Hjelleåsen Panorama, som nyleg hadde salsstart. (Ill.: Markhus Bolig)
Med utsikt over terrassehusa. (Ill.: Markhus Bolig)

Aktiviteten i Hjellemarka, det nye store bustadområdet på Søfteland, er høg.

Les òg: – Mange som kjøper hus er frå Bergen

Fleire bustadar er overlevert frå Block Wathne, Bøe og Lepsøy Utbygging og Markhus Bolig, og Markhus har no byrja å bygga på si første terrasseblokk i prosjektet Hjelleåsen Terrasse.

– Vi hadde byggestart på den første av tre terrassehusa før jul. Av 29 terrasseleilegheiter er 19 selt, fortel Monica Helene Hansen, marknadsansvarleg og bustadutviklar hos Markhus Bolig.

No er salet i gang på Hjelleåsen Panorama, som ligg på toppen over terrassehusa.

Med god tru frå start

I ein skog langs E39, mellom Os nord og Søfteland barneskule, ligg Hjellemarka, nesten vegg i vegg med det komande næringsarealet i Endelausmarka i ny E39-trasé. På få år har det blitt selt, bygd og flytta inn i fleire titals bustadar, men det var ikkje gitt at folk ville flytta til det nye området «midt i skogen».

– Eg hugsar då eg sto på den eine høgda her, før vi starta, og alt var berre skog. Så tett på E39, men så idyllisk, stille og fredeleg. Det var spesielt å tenkja på kva yrande liv det skulle bli i området, den nye idyllen, med eldre og nyetablerte side om side, fleire hundre hus, gangvegar, leikeplassar og seinare ei brygge nede vet vatnet, Gåsakilen, seier Hansen.

– Vi hadde trua frå start, men var naturlegvis spente. At Block Wathne kom godt i gang i starten på feltet, og at vi såg at Bøe & Lepsøy også selte godt før vi var i gang, var ein opptur. Folk ville til Hjellemarka både frå andre stadar på Søfteland, elles i Os og frå Bergen, seier administrerande direktør Bjørn Rune Markhus.

Ferdig felt og ny barnehage

Første steg var 36 leilegheiter og 4 tomannsbustadar i Hjelleåsen, nærmast det nye krysset og den komande barnehagen som Markhus har selt tomt til.

– Vi har hatt god dialog med dei andre utbyggarane og samarbeidde fint med realisering av det nye krysset ut på E39.

Det første feltet deira blei fort utselt. No står det ferdig og innflyttinga skjedde mellom mars i fjor og januar i år.

Barnehagen skal opna i starten på april.

Store terrassar

Hjellemarka er det første feltet Markhus Bolig har planlagt og utvikla åleine, frå regulering til arkitektur.

– Det har sine fordeler å ha alt innomhus, frå arkitekt til meklar. Når vegen er kort frå dei som sel og har kontakt med kundane tar vi med oss gode innspel når planløysingar skal formast. Vi tviler oss fram til resultatet, stiller kvarandre kritiske spørsmål og har god takhøgd når det kjem til å sjå på oss sjølv med kritisk blikk.

Markhus er nøgd med at dei valte terrassar opp skråningen mot toppen av området.

– Det er mest vanleg å bygga blokker i dag, og mange av blokkene som blir bygd i dag er veldig fine. Men her ville vi legga bustadane langs terrenget. Det ser fint ut i feltet samtidig som det er fleire fordelar med terrassar. Det er dyrare å bygga, men det gir kunden ei betre oppleving, spesielt her, med den vakre naturen og dei gode solforholda.

Alle har store terrassar, fleire av dei på rundt 35 kvadratmeter. Desse er saksa og skjerma for å unngå innsyn.

10 panoramahus på toppen

På toppen over Hjelleåsen Terrasse kjem Hjelleåsen Panorama.

– Her bygger vi 8 rekkehus over to plan med 3 soverom og 2 leilegheiter på eitt plan med eitt soverom.

– Lite dødareal og god plassering er viktig innandørs, anten du teiknar for småbarnsforeldre, som vil ha fleire soverom, eller par som flyttar inn utan born, men som vil ha plass til gjestar og gjerne eit kontor.

Søsterselskapet Byggmester Markhus AS bygger alle husværa. Selskapet har 120 tilsette og minst like mange innleigde i sving, både i Hjellemarka og andre stadar.

Kort veg til bestemor

– Leilegheitene er litt ulike frå prosjekt til prosjekt, noko appellerar til dei yngre, andre til dei eldre. Vi har heile storfamiliar som har kjøpt i ulike felt, småbarnsforeldre i det eine feltet med foreldra rett over haugen.

– Det er fint å sjå at vi får ulike generasjonar i området, og ekstra hyggeleg å veta at her er det nokre av borna som får kort gåavstand til besteforeldra, seier Monica Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.