Båt og sjøliv | 28. mai 2021

I vasskorpa i Hauglandssjøen

Båtførar åtvarar.

I vasskorpa i Hauglandssjøen
(Lesarbilde, foto: Bjørn I. Fosen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2021 18:31

Ein båtførar fortel i kveld om eit rør som ligg i vasskorpa i Haugoandssjøen.

– Det er nok eit avlaupsrør som har fått oppdrift, seier tipsar, Bjørn Fosen.

Han har varsla teknisk eining, og vil samtidig åtvara andre som skal i båt i området, at dei er obs på røret.

Oppdatert 22.30: Brannvesenet har vore og merkt røret.

– Kystverket er varsla og teknisk eining følgjer opp på måndag, seier Espen Storum, leiar for forebygging i Bjørnafjoden brann og redning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.