– Idé om glaspyramide passar inn i to prosjekt
Næringssjefen i Os kommune er i første omgang begeistra for Arne Mæland sitt initiativ.
I politisk kvarter i Os formannskap tysdag fekk kunstnar Arne Mæland presentera ein ny idé for utsmykking av Os hamn.
– Eg er glad for at eg fekk visa denne. Ideen har eg gått svanger med ei god stund, men skal den byggast så må det bli på Os, seier Mæland til Midtsiden.
Ideen er ein pyramide i glas, 3 meter høg og 3,5 x 3,5 meter i grunnflate.
Den er tenkt plassert ytst på moloen på Steinneset.
Glaset vil spegla fjord og fjell, og kan lyssetjast for variasjonar på mørke vinterkveldar og stormfulle haustkveldar.
– I tråd med to eksisterande prosjekt
Næringssjef Daniel Skotheim synest ideen er veldig spennande.
– Både i adhocutvalet for Os hamn, der utsmykking av hamna er eit av fleire punkt - og i samband med vårt auka fokus på turisme, kan denne glaspyramiden vera eit positivt tiltak.
• Les òg: Undervasskamera kan koma rett etter påske
– Dette er ein typisk installasjon som innbyggarar og gjestar vil ta bilde av og dela i sosiale media. Vi kan få mykje god marknadsføring av Os når folk byrjar å spreia bilde av pyramiden via Snapchat og Instagram.
Også ideen om å gje dei eksisterande skulpturane i Os sentrum meir merksemd, blant anna ved betre lyssetjing, er noko han synest kan bidra i positiv retning.
– I norsk målestokk er Os ganske unik når det kjem til mengda skulpturar, neste år er det desutan 20 år sidan det første skulptursymposiet.
– Det er ikkje opp til meg verken å vurdera kunst eller å finansiera ein eventuell glaspyramide, men det blir ein spennande diskusjon å følgja.
Møtt med både heiarop og skepsis
I kommentarfelta på Midtsiden og Facebook har det kome både tomlar opp og positive tilbakemeldingar.
«Dette vil bli flott for oss alle, for både oss osingar og dei som kjem for å helsa på. Vi må ha noko flott og spektakulært å visa turistane no når vi skal bli ein turistkommune» skriv arkitekt Jan Haaland.
«Trodde ikke utsikten fra Sjøfronten kunne bli bedre, men nå ser det ut til at vi fortsatt har litt å gå på! Spennende!» skriv Per Eide.
Men ideen blir ikkje berre møtt med medvind. Her er nokre kommentarar frå tre meir skeptiske innbyggarar:
«Akkurat det vi trenger for å skape liv??? Os kommune setter opp en bunkers midt på torget som dreper alt liv bak (...) de kvitter seg med en kjent og kjær stasjon (circle-k) i ekspressfart (...) men en 3 meter høy pyramide ytterst på en molo, ja det skaper liv vettu. Tror det er på tide at at de som styrer og steller på rådhuset snart lander og tar seg en titt rundt i sentrum,og kanskje lytter litt til folket som bruker sentrum.»
«Husk å legge jobben ut på anbud. Det er flere enn Mæland som kan leke seg med glass».
«Det vi trenger i Os sentrum er flere butikker som er innenfor en prisklasse som de fleste har råd til, og flere butikker for ungdommen. Jeg tviler på at mer kunst vil dra folk... Du drar liksom ikke langveisfra for å se en glasspyramide alene»