- Identitet betyr «oss sjølv»
Slik har ungane i Espira Ulvenvatnet barnehage definert identitet etter to månadar med temaet. Tysdag var det vernissasje.

Tysdag ettermiddag inviterte ungane i Espira Ulvenvatnet barnehage sine foreldre, besteforeldre og andre interesserte til opning av kunsutstilling i samband med barnehagedagen 2011.
Det overordna temaet for barnehagedagen har vore "Sjå kva eg kan".
- For å gjera det handterleg valde vi ut identitet som eit spissa område, fortel styrar Christina Moberg.
- Ungane har jobba med temaet i to månadar.
Barnehagedagen var ei fin anledning til å presentere prosjekta, meinte styraren, som saman med ungane og dei andre tilsette hadde sett i stand til ein fest med saft, kakar og frukt i tillegg til kunstutstillinga.
Mange uttrykk
Dei 123 ungane i barnehagen har fått utfalda seg fritt innan temaet. Dei har mellomanna filosofert med Filosofus, sett saman sine eigne CD-ar med favorittmusikken sin og utforska nærområdet for å så kva det betyr for deira identitet.
- Avdelingane har stått fritt korleis dei ville gripa utfordringa og jobba med temaet, seier Moberg.
- Eg synes dei har gjort ein fantastisk jobb, der ungane har fått utfalda seg, og kome fram til floitte resultat, skryt styraren når ho viser Midtsiden rundt i kunstutstillinga.