Ikkje alvorleg skadd
To kvinner kolliderte i Lepsøykrysset i går. Den eine blei kjørt vekk i ambulanse, den andre mista førarkortet.
I 14-tida onsdag var to bilar, ein BMW og ein Nissan Micra, involvert i ei bilulykke i Lepsøykrysset.
Det var ei kvinne bak rattet i kvar av bilane, men ingen passasjerar.
Ulykka skjedde då føraren i BMW-en køyrde ut fra krysset og mot Os mens føraren i Micra-en, som var på veg mot Halhjem, ikkje klarte å stoppa. Det var føraren av Micra-en som blei frakta vekk i ambulanse.
Tok beslag i eitt førarkort
– Vi veit ikkje noko meir om tilstanden til kvinna, men ho skal ikkje ha vore alvorleg skadd, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– Føraren av BMW-en hadde vikeplikt. Det blir hevda at bilføraren med forkjørsrett brukte blinklys, at det dermed var ledig til å kjøra ut, men det er oppretta sak og tatt beslag i førarkortet til kvinna i BMW-en.
Ukjent brannårsak
I saka om husbannen på Steinsneset onsdag har politiet framleis ikkje ny informasjon.
– Vi veit enno ikkje kva som var årsaka til brannen, seier Hadler-Olsen.