Lokal | 09. sep. 2019

Ikkje berre for menn med støv i håret

Magne Grude frå Sandnes driv med tredreiing - det er han ikkje åleine om.

Ikkje berre for menn med støv i håret
Magnus Grude ved dreiebenken under Handverksdagen i Vognhallen søndag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 09. sep. 2019 09:45

Bildeserie:

– Nei, dreiemiljøet er meir enn berre grånande menn med støv i håret, fortel Grude. (Foto: KOG)
– Nei, dreiemiljøet er meir enn berre grånande menn med støv i håret, fortel Grude. (Foto: KOG)
Grude kan dreia fram det meste. (Foto: KOG)
Grude kan dreia fram det meste. (Foto: KOG)
Ny vinkork? (Foto: KOG)
Ny vinkork? (Foto: KOG)
Eller ein snømann med hatt? (Foto: KOG)
Eller ein snømann med hatt? (Foto: KOG)
1 av 4
– Nei, dreiemiljøet er meir enn berre grånande menn med støv i håret, fortel Grude. (Foto: KOG)
Grude kan dreia fram det meste. (Foto: KOG)
Ny vinkork? (Foto: KOG)
Eller ein snømann med hatt? (Foto: KOG)

– Det handlar om spaninga og gleda ved å skapa noko, fortel Grude.

På laurdag var han ein av dei 15 utstillarane du kunne helsa på under Handverksdagen i Vognhallen.

Grude kjem frå Sandnes, og står bak Dreiekunst.no.

Starta med ein skulebolle

Grude har framleis med seg bollen han fekk dreia ut i sjuandeklasse.

– Det var med denne at interessa starta, men det var ikkje før 1998 at eg byrja å dreia aktivt.

I dag kombinerer Grude heiltidsjobb med dreiekunst på fritida, og det er eit imponerande arsenal artiklar han kan tilby; vasar, fat, smykke, pennar, skåler, vinkorkar med meir.

– Du skjønar, tredreiing kan vera så mykje meir enn berre beina på sofaen din, seier Grude og flirar.

Ikkje berre menn med støvete hår

Grude fortel at i Stavanger-området er det eit stort dreiemiljø.

– Klubben vår tel 50-60 medlemar, og for dei som trudde at vi berre er menn med støvete grånande hår, tek nok feil. Vi har medlemar i alle aldrar, og mange av dei er damer.

– Til dømes har vi ei som har funne ei nisje i å laga babyrangler som ho no sel.

Kurs først

– Men korleis tek ein fatt på ein dreiehobby? Er det berre å kjøpa ei maskin og litt plank?

Eg vil heilt klart anbefala å ta eit kurs først, seier Grude.

– Då får du naudsynt grunnleggjande kunnskap om verktøy og maskin, og du slepp å slita ut verktøy eller bruka unødvendig mykje trevirke.

Grude fortel at det er fleire gode kurstilbod på Vestlandet, og han gler seg over at det no er eit veksande dreiemiljø rundt Bjørnafjorden.

Maskin i alle prisklassar

Med eit kurs i boks - då er vel ei dreiemaskin neste? Snakkar vi prisen av ein bil, eller?

– Nei, du kan fint starta med ei maskin til 3000 kroner. Legg til eit sett med verktøy til eit par tusenlappar, så er du oppe og dreiar.

Grude fortel at som med alt anna får du kva du betalar for, men det er ikkje nausynt å gå for maskina til 50.000 kroner som ny i faget.

– Du vil få mykje dreie-glede ut av ein rimeleg startpakke, og trevirke får du tak i på eit sagbruk eller om du tek deg ein tur på internett.

– Det er til dømes ein butikk i Stavanger som spesialiserer seg i trevirke til nettopp dreiing, og ikkje minst er det mykje gode råd å henta om du vert aktiv i eit dreiemiljø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.