Ikkje bestill tur før pass
Noreg er i ferd med å tømmast for naudpass. Tysdag var det berre 52 att i heile Hordaland Politidistrikt.

Også Os lensmannskontor merkar utfordringa. I løpet av veka reknar politiet at dei er tomme for naudpass i hele landet. Nye får dei ikkje produsert før i månadsskiftnaden august/september.
- Eg har ei klar oppmoding til reiselystne. Ikkje bestill turen før du har sjekka at passet ditt er gyldig til etter at du kjem heim att, seier konstituert lensmann Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.
- Kom her og bestill nytt ordinært pass før du bestiller sydentur.
- Det tar ti dagar å få produsert og sendt eit nytt pass til innehavaren, forklarar Sperrevik.
Situasjonen gjer at om du ikkje har gyldig pass kan du gløyma ein hopp-på-tur til varmare strøk før skulestart.
Trøsta får vera at meterologane lovar oss sol og finare vêr i dei kommande 9 dagane. Laurdag er det meldt strålande sol frå skyfri himmel.
Nye retningsliner
For å utsettja tidspunktet for når politet går tom for naudpass har politidirektoratet vedteken nye retningsliner for kven som kan få naudpass.
Berre dei som der det er heilt naudsynt og følgande vilkår er oppfylde får utstedt naudpass:
- Når ordinært pass ikkje er motteken innan 10 dagar etter at søknad er levert
- Eit gyldig pass er stjålet kort tid før ei planlagt reise
- Når det er akutte behov for pass grunna sjukdom/daud i nær familie
- Uforutsette viktige forretningsreiser
- I andre særskilte tilhøve.
Sjølv med desse strengare retningslinene er det stor sjanse for at politiet går tomme. Det vil ikkje hjelpe å reise til dømes via Gardermoen i håp om å få naudpass der. Situasjonen er den same der.
Går politiet tomme er det ingen ting dei kan gjera anna enn å bestille ordinært pass med ti dagars leveringstid.
Blir det tomt vil det ikkje vera mogleg å få naudpass før tidlegst i månadsskiftet august/september.