Lokal | 18. apr. 2012

Ikkje betalt ei krone

Os har dei fire første månadane klart å ta i mot alle utskrivingsklare pasientar frå Helse Bergen. -Det krev mykje av oss, seier helsesjefen.

Ikkje betalt ei krone
Nils Petter Borge orienterte onsdag Tenesteutvalet om at Os kommune så langt ikkje har måtte betale for overliggande pasienter på sjukehusa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. apr. 2012 15:41

Då samhandlingsreforma trådde i kraft ved nyttår blei det samstundes klart at det blei eit tøffare regime for å ta i mot ferdighandsama pasientar frå spesialisthelsetenesta.

- No må vi vera tilgjengelege frå 8-15 sju dagar i veka. Dette har vi løyst med to mobiltelefonar og tvilling-SIM.

- Ei erfaring vi har gjort oss så langt er at helseforetaka er blitt mykje raskare til å melde pasientane utskrivingsklare enn tidlegare, orienterte kommunalsjef Nils Petter Borge tenesteutvalet onsdag.

Blir trekt fram

I løpet av dei første fire månadane har Os kommune klart å ta hand om samtlige pasientar som har blitt meldt utskrivingsklare frå sjukehusa.

- Eg jobbar på Haukeland, og Os er omtrent den einaste kommunen som har klart det.

- I tillegg er Os, saman med Fjell dei kommunane som blir trekt fram med positivt forteikn når reforma blir diskutert på sjukehuset, skraut Torunn Øvredal (TvS).

Går med ledig kapasitet

Ei negativ konsekvens av å vera flinkaste guten i klassen er at ein alltid har tomme sengar ståande på Lurane.

- For å klara å respondera raskt når helseforetaket ringer krev det at vi har ei høg omløpshastigheit på korttidssengene våre.

- Dette gjer at eg ser at beleggsprosenten vår på sjukeheimen har gått noko ned samenlikna med tidlegare. Det er ikkje slik vi ønskjar det.

Problemet Borge har fått i fanget er at i nokre tilfelle meldar sjukehuset pasientane utskrivingsklare, men så oppstår det komplikasjonar, eller dei blir "for" friske, slik at dei likevel ikkje kjem til Lurane når dei er meldte.

- Det gjer at vi blir liggande med ledig kapasitet. Noko som òg er eit problem i andre kommunar.

- Då står vi med tomme plassar som vi gjerne skulle nytta til andre i kommunen som hadde hatt behov for eit korttidsopphald, forklarte kommunalsjefen.

Vil byggja midlertidig

Borge var uroa for kor lenge dei kunne halde fram på same måten og uttrykte uro for om dei var i ferd med å mala seg opp i eit hjørne.

- I samband med dei to øyeblikkelig hjelp (ØH)-sengene vi skal oppretta seinare i år ser vi no på moglegheiten til å laga ein modul i tilknytning til sjukeheimen som gjer at vi får den bufferen vi treng både i høve til dei utskrivingsklare pasientane og dei som fell inn under øyeblikkelig hjelp.

- Denne saka vil de få til politisk handsaming i mai/juni, forklarte Borge.

Først likevel

Då rådmannen i november presenterte framlegg til budsjett for 2012 såg han med stor skepsis på konsekvensane av samhandlingsreforma og varsla at Os kommune skulle iallefall ikkje vera først ut med endringar som følgje av reforma.

No ligg Os meir frampå enn tidlegare både med å vera raske til å ta hand om utskrivingsklare pasientar og oppretting av ØH-sengene.

- Du ivrar etter å opprette nye sengjer stikk i strid med det rådmannen sa i budsjettprosessen. Kvifor?, undra Eirik Andre Hesthamar (FrP).

- Det ligg noko pengar der som vi vil ha tak i. Dei har sagt dei skal fullfinansiere dette og dei penga vil vi nytte oss av.

- På siste styringsgruppemøte for reforma var det ordføraren og ikkje rådmannen som streka. Rådmannen gav beskjed om at det var berre å køyre på, fortalde Borge med eit smil om den noko omvente rolla dei to kommunetoppane hadde inntatt.

Ønskja effekt?

Helge Olav Nygard (KrF) undra på om det som no er i ferd med å skje i Os var ein kreditt til heile reforma og at ein får den effekten ein ønskja med at færre pasientar ligg og tek opp dyre sjukehussenger når dei i staden kunne blitt tatt hand om av kommunane.

Borge ville ikkje heilt slå fast at den hadde fått den effekten staten ønskja.

- Det er framleis mange stiar som skal gåast, slo Borge fast.

- Nett no er eg veldig spent på avrekninga for pasienthandsaming i spesialisthelsetenesten som kjem per 1. tertial.

- Vi har jo kvar månad betalt inn eit a-konto beløp til helseforetaket. Det skal bli spennande å sjå om det dekkjer behandlingskostnadane.

Fått ein boost

Sjølv om kravet til organisasjonen har blitt høgre og fristane knappare opplever Borge ein positiv vind i organisasjonen.

- Ein positiv effekt vi heilt sikkert har fått er den driven og stå på vilja vi har fått i organisasjonen.

- Dette er nybrotsarbeid og det har gått sport i det frå dei involvert å klara å ta hand om dei meldingane som kjem frå helseforetaket om nye utskrivingsklare pasientar, avslutta ein nøgd Nils Petter Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.