Lokal | 22. mai 2015

– Ikkje ei god løysing

Tvs og Ap lite nøgd med trafikkløysinga forbi minneparken. Utvidinga av Giskavollen tek 1,5 meter av parken.

– Ikkje ei god løysing
Ei utviding av Giskavollen vil ta 1,5 meter av minneparken (omlag til den raude stolpen Midtsiden har plassert i bilete) (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 22. mai 2015 10:58

Bildeserie:

Slik ser planarkitektane for seg at den nye minneparken kan sjå ut (foto/ill: b+b arkitektar as)
Slik ser planarkitektane for seg at den nye minneparken kan sjå ut (foto/ill: b+b arkitektar as)
Ein ny minnepark med ny trapp og universell tilkomst (ill: b+b arkitekter as)
Ein ny minnepark med ny trapp og universell tilkomst (ill: b+b arkitekter as)
1 av 2
Slik ser planarkitektane for seg at den nye minneparken kan sjå ut (foto/ill: b+b arkitektar as)
Ein ny minnepark med ny trapp og universell tilkomst (ill: b+b arkitekter as)

Torsdag handsama plan- og bygingsutvalet godkjenninga av reguleringsplanen for Landboden. Då dei hadde saka oppe til førstegongs handsaming for vel eitt år sidan var utvalet særs opptekne av å finna ei god trafikal løysing i Giskavollen forbi minneparken.

Både tunnel og kulvert blei lansert som løysingar den gongen frå utvalsmedlemar.

– Eg har ikkje sans for at de legg opp til å ta halvannan meter av minneparken.

– Tunnel-løysinga som blei lansert, kan du seie noko om den, undra Terje Sperrevik (Tvs) då plan- og utviklingssjef Aina Tjosås orienterte om reguleringsplanen.

Urealistisk

Plan- og utviklingssjefen slo kontant fast at ein tunnel var urealistisk.

– Trafikksituasjonen ved minneparken er prekær og må gjerast noko med.

– Vi må ta omsyn til dei som lever og bruker området i dag òg, ikkje berre det historiske.

– Tiltakshavar har vald å flytta muren halvannan meter inn og laga ei anna utforming på trappa. I tillegg legg dei opp til ein betre tilkomst med universell utforming, svara Tjosås.

Lite framtidsretta

Like uroa som Sperrevik, var Harald Døsen (Ap).

– Løysinga ved minneparken er ikkje ei god løysing.

– Det leggast opp til ei stor utvidingar av bustader i Landboden. Så snart Borgavegen og Lonabakkane blir rehabiliterast, så blir det òg meir trafikk.

– Trafikken vil berre auka, men kapasiteten blir som i dag. Det er ikkje ei god løysing.

– Vi hadde eit forslag om tunnel, men eg forstår at det er vurdert som uaktuelt, men det er ikkje framtidsretta.

– Ein tunnel ville ha vore det, påpeika Døsen.

Parkeringsutfordringar

I planen er Giskavollen forbi minneparken tenkt utforma som eit gatetun og plassen framfor kyrkja som eit torg.

– Vi har hatt ein god dialog med kyrkja. Dei er litt uroa for parkering i samband med større sermoniar som gravferd, men vi kan ikkje regulera for dette inne på eit gatetun.

– Då må vi freiste å finna andre løysingar å gjera det på, anten med skilting eller på anna vis, forklarte plan- og utviklingssjefen.

Det er mellomanna lagt opp til eit parkeringshus under grusbanen i dag, med ny leikeplass/fotballbane oppå.

– Eg stusser over at biltrafikken skal førast over miljøgata/gatetunet og inn i parkeringshuset, samtidig som all trafikken frå dei nye husværa skal passera.

– Dette skurrer, meinte Torill Keys (Ap) som fekk støtte frå partikollega Døsen.

– Det er teke for lite høgde for dei behova som kyrkja har. Akkurat som det er teke for lite høgde for parkering til lærarane på skulen, meinte Døsen.

Ville senda den tilbake

Heller ikkje Sperrevik var særleg imponert over planarbeidet som var gjort.

– I høve parkering til kyrkja så er det ein nokså lettvint løysing som blir presentert her.

– Eg er litt skuffa over heile planen. Det er for mange manglar i den, som gjer at eg stiller store spørsmålsteikn.

– Det gjeld mellomanna trafikksituasjonen som ikkje er godt nok løyst. Eg ber difor om at planen blir sendt tilbake til administrasjonen for at dei kan sjå nærare på det.

Ap støtta forslaget om å sende saka tilbake til administrasjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.