– Ikkje føre for sommardekk
Sånn såg E39 Osveien ut i ettermiddag.
Fredag i 17.30-tida var det kvitt på Kalandseid.
– Det er ikkje sludd, men hagl. Det er likevel for glatt for sommardekk, seier Christoffer Vernøy til Midtsiden.
Eit stykke på 200 meter hadde eit tjukt dekke med hagl.
– Bilistane er heldigvis varsame, det ser ikkje ut som om nokon slit.
Sol frå søndag - fare for frost frå tysdag
Det er venta lettare, men kaldare vêr i Os dei neste dagane. Laurdag melder Yr opphaldsvêr, men Storm melder regn.
Søndag er dei samde om sol og 7 gradar, og finvêret held fram til fredag, med unntak av nokre byger onsdag kveld og torsdag morgon.
Men temperaturen skal ned i 0 gradar, noko som kan bety nattefrost og endå vanskelegare køyreforhold.
Om du har plan om å legga om til vinterdekk i helga, er det med andre ord truleg ein god plan.
• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.