Ikkje gamal nok
Det siste husværet i seniorprosjektet på Lurane måtte seljast to gongar.
Rett før streiken i byggebransjen selte Bøe & Lepsøy Utbygging den siste av dei 43 seniorbustadane på Lurane. Men kjøparen fekk ikkje kjøpa likevel.
- Vi har sett aldersgrense på 55 år, sidan det er mange i den aldersgruppa som held seg godt så tenkte vi ikkje over at vedkomane ikkje var gamal nok, seier Truls Birkeland.
«Berre» 50 år
At kjøparen berre var 50 år blei oppdaga då kontrakt skulle skrivast, og utbyggar heldt seg til reglane.
- Det var rart å takka nei til eit sal, og litt dumt å måtta legga den ut for sal igjen, men fredagen før streiken braut ut fekk vi selt den til nokon som var gamal nok, fortel Birkeland.
Alle dei 43 husværa i prosjektet er selt, men tre av dei ligg for sal av tidlegare kjøparar. Det skal vera medisinske årsakar til at kjøparane ikkje flyttar inn sjølv.
Klarar å levera
Streiken, som varte i fire dagar, råka rundt to tredelar ar av dei 30 tømrarane Vestafjell har i sving på prosjektet. Resten heldt fram med å jobba.
- Heldivis varte ikkje streiken lenge, overlevering av dei første husværa går som planlagt 7. mai.
Nokre blir utsett
Då streiken braut ut blei utvask avbestilt, og då denne måtte bestillast pånytt førte det til nokre forseinkingar.
- Dei vi skulle levera 19. mai blir først klar 28. mai.
Det er 23 husvære i første byggetrinn som no blir innflyttingsklare. Andre byggetrinn har 20 husvære, desse har Bøe og Lepsøy mål om å få klar for innflytting til jul.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.