Vêret i Os | 20. sep. 2022

Ikkje heilt slutt på finvêret

Det er meldt store nedbørsmengder torsdag, men så skal det snu igjen.

Banktjørn i 08.30-tida i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. sep. 2022 19:18

Det har gått frå varm seinsommar til fint haustvêr, og det skal halda seg tørt og slrikt til og med onsdag.

Men frå torsdag i 10-11-tida og ut dagen skal det bøtta ned, det er venta i alt nesten 30 mm nedbør i Os denne dagen.

Det er også meldt 7-9 m/s vind frå sør.

Det er meldt regn fram til 08-09-tida fredag. Yr melder også nokre små byger på ettermiddagen fredag, men Storm melder opphaldsvêr resten av dagen.

Både Yr og Storm melder lettskya, sol og opphaldsvêr heile laurdag.

Vinden er venta å bli 2-4 m/s fredag og laurdag, temperaturen skal ligga på 14-15 gradar.

Søndag er det venta regn, frå morgonen ifølgje Yr, frå ettermiddagen ifølgje Storm.

Måndag skal bli omtrent like våt som torsdag.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.