Lokal | 16. okt. 2014

Ikkje inhabil

Formannskapet løyvde 300 000 kroner til Osfest 2015, men ikkje utan omfattande diskusjon om Terje Søviknes sitt venskap med Ole Reinert Berg-Olsen.

Ikkje inhabil
– Er eg habil, spurte Terje. Her på hummarfiske med Ole Reinert Berg-Olsen i fjor haust (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 16. okt. 2014 11:16

Formannskapet hadde torsdag ei sak på bordet om å nytta vel 1,6 millionar kroner frå utvalet sitt disposisjonfond til ymse aktiviteter som har vore eller som kjem i Osbygda (sjå nedst i saka). Størst diskusjon blei det ikkje uventa omkring søknaden frå Osfest om støtte på 350 000 kroner for festivalen i 2015, kor innstillinga frå sakshandsamar, ordførar Terje Søviknes (Frp), var at dei skulle få 300 000 kroner.

– Det har blitt stilt spørsmålsteikn om mitt personlege venskap med Ole Reinert Berg-Olsen gjer at eg er inhabil i saka.

– Min kjæreste og Berg-Olsen sin sambuar, no kone, var allereie venninner då vi blei kjæraster. Det har gjort at vi har hatt privat omgang, mellomanna i barnedåp og bryllaup.

– Eg har difor bede kommuneadvokaten om ei vurdering av mi habilitet, fortalde Søviknes då møtet byrja.

Trakk seg tilbake

Senioradvokat Bjørn Tore Steffensen hjå Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA vurderte spørsmålet dit at det ikkje var andre særeigna tilhøve som er egna til å svekka tilliten til ordføraren sin upartiskheit og konkluderte difor med at det ikkje låg noko inhabilitet hjå ordføraren i samband med handsaminga om søknaden om tilskot.

– Det er utvalet som skal ta stilling til spørsmålet, så eg trekk meg tilbake medan de handsamar det, sa Søviknes før han overlot møteleiinga til varaordførar Marie Bruarøy (H).

Ryddig, men vanskeleg

Diskusjonen om kor nært eit venskap må vera før ein blir inhabil var ikkje berre enkel.

– Det er flott og ordentlig at saka blir reist, når spørsmålet blir stilt, men i denne saka hadde det knappast vore naudsynt å bruka advokatkroner på å få det vurdert, meinte Lars Atle Skorpen (Ap) som meinte at ordføraren var habil.

– Eg tenkjer motsett av Skorpen på dette. Når du er i dåp og bryllaup så er det eit nært venskap og band.

– I tillegg må eg seie at det utad ser litt feil ut.

– Eg er klar over at vi er ei lita kommune med mange tette band, men her meiner eg at inhabilitet kan vurderast, svara Jon Sivert Rykkel (V).

– Dette er eit vanskeleg spørsmål. Eg er litt usikker, sjølv om eg ikkje trur at spørsmålet vil få utfall for sjølve saka.

– I utgangspunktet tenkjer eg at ordføraren er habil, men samstudes er eg litt der Rykkel er. Ordføraren har moglegheit til å erklæra seg inhabil. For min eigen del trur eg at eg hadde føretrekt å ikkje vera med i handsaminga av saka, kommenterte Eirik Neverdal (TvS).

– Då blir det ikkje mange sakar i framtida vi ikkje må ta ein tilsvarande diskusjon, repliserte Skorpen.

– Eg er usamd i at han sjølv skal vurdera habilieten. Det er det vi som utval som skal gjera, meinte Espen Aspenes (Frp).

Etter ytterlegare nokre diskusjonar om kva følgjer ein eventuell inhabilitet ville få for øvrige saker og andre politiske utval fall formannskapet ned på at Søviknes var habil. Rett nok mot Rykkel si eine stemme.

– Grådig mykje penger

Etter at Søviknes var vurdert som habil tok han igjen over møteleiinga og opna for debatt om sjølve saka.

– Eg tykkjer det er grådig mykje penger med 300 000 kroner.

– Eg kunne tenkt meg eit førebels rekneskap for årets festival før vi gir vekk så mykje penger, innleia Marianne Hjelle (Frp).

– Det prinsippet støttar vi. Det har vi vel òg etterlyst tidlegare at det skal foreligga rekneskap frå tidlegare år før det delast ut nye midler.

– Når det gjeld løyvinga så vil vi gå for at den aukar til 350 000 kroner slik som søkt om. Grunnen til det er at vi meiner eit så stort arrangement fortener ei god backing i ei periode på 2 til 4 år i oppstarten.

– Då får dei tid til å befesta ein posisjon hjå publikum og visa at dette er noko som har livets rett. Basert på beste skjønn så leverte Osfest som forventa og kanskje litt over det i år, argumenterte Lars Atle Skorpen.

– Kvifor no?

Like lysten på å dela ut like store summer til Osfest var ikkje Jon Sivert Rykkel.

– Eg stussar litt på at vi handsamar dette no, når vi oppretta KUP-midlane for å kunne behandla slike søknader i ein bolk og ikkje spredd utover året.

– Ved å opna for Osfest no, så skapar vi ein presidens på at folk kan søka når som helst om midlar, påpeika Rykkel, som heller ikkje likt at det i saksframlegget sto at midlane kunne gå i fråtrekk frå framtidige KUP-midlar.

– Når det gjeld størrelsen på støtta, så reagerar eg på den òg.

– Vi gav eit betydeleg beløp i fjor, no er det kanskje ikkje sannsynleg at det kjem andre tilsvarande store festivalar, men då Søfteland Rock 'n LOL søkte om 125 000 for nokre år sidan, så fekk dei 75 000 kroner. Og dei blei kåra til Bergens beste festival etter å ha bygd seg opp frå ein hagefest. Her må vi ha ei fast line.

– Eg kan tenkje meg ei forklaring på kvifor Osfest skal få så mykje penger, medan andre fekk mindre, fortsatte Rykkel.

Har søkt kulturrådet

Ordførar Terje Søviknes tok utfordringa frå Rykkel på kvifor ein skulle handsama søknaden no.

– Osfest har søkt festivalstøtte frå Norsk Kulturråd. Dei krev at det òg må koma lokale midler.

– Den søkanden blir vurdert no, difor har vi saka opp no og ikkje i samband med KUP-midlane.

– Når det gjeld fråtrekk i KUP-midla, så står det at dei – kan – komma i fråtrekk, ikkje at dei skal, påpeika Søviknes.

– Eg kan ha sympati for Rykkel sin argumentasjon, men vi går for denne typen medverknad i 2 til 4 år, deretter faller støtten bort, eller blir redusert, om det viser seg at publikum ikkje vil ha den.

– Vi legg oss ikkje på eit høgt nivå til evig tid. Har dei ikkje klart å omfavna sitt publikum innan då fell den bort, presiserte Skorpen.

– Vi ser òg på dette som eit oppstartstilskot, men vil ikkje trekkje det så langt om fire år.

– Jo større festivalane blir, jo meir penger vil dei bruka og jo meir støtte vil dei ha. Det er ikkje vi med på.

– Dette er eit ledd i oppbygginga av festivalen, deretter må dei stå på eigne bein, forklarte Aspenes.

Krev rekneskap før utbetaling

Formannskapet ville ikkje heilt gje seg på at dei ville ha rekneskapet før dei gav penga.

– Det er ikkje ueffent av formannskapet å hengje på at utbetaling ikkje skjer før rekneskapet for 2014 er levert.

– Det har vi fått frå Bjørnefjorden utdanningsmesse, så det må vi kunne få også her, sa Søviknes, som fremma kravet som eit tillegg til vedtaket.

– Men då bør vi vel ha ei presisering i vedtaket. Skal det vera noko krav knytt til sjølve regnskapet?

– Då tenkjer eg på om det skal skje endringar i utbetalinga om dei går med overskot eller underskot. Om ikkje så gjer vi jo vedtaket om støtta no, så då har ikkje det å levera regnskap noko hensikt, kommenterte Erik Neverdal.

– Administrasjonen må gjera ei vurdering når regnskapet kjem om det er ting der som skal ha betydning for om dei får pengar eller ikkje.

– Om det dukker opp noko av betydning må saka oppatt til ny hansaming, svara Søviknes, som fekk støtte for dette.

Rykkel sitt framlegg om å redusera støtta til 150 000 kroner fekk kun venstre si stemme. Skorpen sitt framlegg om å auka den til 350 000 kroner fekk kun arbeiderpartiet sine to stemmer. Administrasjonen si innstilling på å støtta Osfest med 300 000 kroner blei etter det vedtatt med åtte røyster (Frp, H, Ap, TvS) mot ei røyst (V).

Desse fekk òg støtte

Dei totalt 1,6 millionane som formannskapet delte ut torsdag fordelte seg slik:

Liv på Øyro – kr 650 000,-
Julebelysning Osøyro – kr 140 000,-
Europan13 – kr 250 000,-
Bryggedans – kr 180 000,-
Bjørnefjorden Utdanningsmesse – kr 73 000,-
Osfest 2015 – kr 300 000,-
TV-aksjonen 2014 – 40 000,-

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.