Ikkje lurt å ta pause
Er du skulelei og vurderer eit pauseår etter ungdomsskulen? Då aukar du samstundes sjansen for ikkje å fullføra neste trinn.
Blant elevar som starta på grunnkurs det året dei fylte 16 år hadde 84 prosent studie- eller yrkeskompetanse etter fem år ved dei allmennfaglege studieretningane.
Blant elevar som starta det året dei fylte 17 hadde berre 48 prosent oppnådd sluttkompetanse innanfor same periode, melder ssb.no.
Stor forskjell
Det er markant forskjell i gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring mellom dei som starta grunnkurs rett etter grunnskulen og dei som startar året etter eller seinare.
Blant dei som starta på videregåande allmennfaglege studieretningar som 16-åringar i 2004 var det berre 6 prosent som slutta i løpet av fem år, medan heile 37 prosent av dei som starta som 17-åringar droppa ut før dei var ferdige.
Gjeld også yrkesfag
Det er fleire blant dei som byrjar på vidaregåande skule som 17-åringar som vel yrkesfag enn allmennfag, men også innan yrkesfag er det langt fleire som ikkje fullfører enn dei som byrjar som 16-åring.
Gjennomstrømminga i vidaregående opplæring har halde seg stabil gjennom dei åra denne statistikken omfattar, frå kullet som starta grunnkurs i 1994 og fram til kullet som starta grunnkurs for første gong i 2004.
Best i vest
Sogn og Fjordane var det fylket som hadde høgast gjennomstrømmingsandel (74 prosent oppnådde studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år).
Oslo, Akershus, Rogaland og Sør-Trøndelag ligg også bra an, medan dei tre nordligaste fylka, og Østfold og Aust-Agder, berre får frå 52 til 64 prosent til å fullføra med stil.