– Ikkje mogleg å misforstå
J.H Nævdal Yrkesbygg AS har klaga på tildelinga av entreprisen for den nye ungdomsskulen. - Vi meiner vi er på trygg grunn, seier rådmannen.
HENT AS frå Trondheim har fått totalentreprisen på bygging av den nye ungdomsskulen på Nore Neset. Ein av konkurrentane, JH Nævdal Yrkesbygg AS (JHNY) meiner kommunen først skulle ha hatt forhandlingar med tilbydarane før dei bestemte seg for entreprenør, og har no klaga på vedtaket.
- Klagen er noko vi må forhalde oss til, men vi har likevel vald å inngå kontrakt med HENT for ikkje å mista verdifull tid i forhold til oppstart, seier rådmann Knut Terje Rekve.
Blei nummer to
Grunnlaget for JHNY si klage er at Os kommune i sitt tilbodsgrunnlag, Bok 0, skriv at "Tiltakshavar Os kommune innbyr til konkurranse med forhandlingar...".
I evalueringa tilbydarane har mottatt frå kommunen kjem det fram at JHNY blei nummer to i konkurransen. Dei meiner derfor at dei skulle ha vore kalla inn til forhandlingar.
Meiner å vera på trygg grunn
Rådmannen meiner at JHNY her har misforstått tilbodsgrunnlaget.
- Vi meiner vi er på trygg grunn, men skal ikkje vera så arrogante at vi seier vi er sikre i vår sak.
- Klagen skal handsamast i tråd med gjeldande regelverk, men vi meiner det ikkje skulle vera mogleg å misforstå tilbodsgrunnlaget. Her var det snakk om ein open konkurranse.
- I tillegg er det noko med kontraktssummen på totalentreprisen som gjer at dette ikkje kunne vera ein konkurranse med forhandlingar, framheld Rekve.
Trafikksikring ei utfordring
Rådmannen reknar med at HENT stikk spaden i jorda på Nore Neset om lag ved skulestart.
- Det blir ei utfordring å ivareta trafikktryggleiken til elevane på Nore Neset, men det skal vi få til.
- Det er mellom anna derfor omlegging av vegen er ein del av rekkjefølgjebestemmelsane.
Eit og eit halvt Oseana i året
Rådmannen har, ikkje unaturleg, fått reaksjoner på at kommunen brukte cirka 100 millionar kommunale kroner på å byggja kulturhuset Oseana. Fleire meiner at dette i staden burde ha vore brukt på skule.
- Dei neste par åra bruker vi tilsvarande eit og eit halvt Oseana kvart år på å bygga nytt og rusta opp skulebygga.
- Dei vel 300 millionane vi no brukar på skulebruksplanen er eit kjempeløft, slår rådmann Knut Terje Rekve fast.
Første rehabiliterte skulebygg han får gleden av å sjå stå ferdig er Hegglandsdalen skule som "nyopnar" før skulestart, i midten av august.