Lokal | 28. jan. 2014

– Ikkje tenn bål!

Brannvesenet åtvarar mot stor skogbrannfare. – I Bergen har dei gått ut med forbod mot å tenna bål. No gjer vi det same på Os, seier Anne Kjersti Storebø.

– Ikkje tenn bål!
Skogbrannfaren er høg. Her frå ein gras- og lyngbrann ved Os barneskule i april 2013 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 28. jan. 2014 08:16

I Nord-Trøndelag står tettstaden Hasvåg i Flatanger i full fyr etter at sterk vind gjorde at ein lyngbrann kom ut av kontroll.

– Det same kan skje her, åtvarar leiar for førebyggande avdeling ved Os brann- og redningsvesen.

innførar bålforbod

Yr har sendt ut OBS-varsel om stor skogbrannfare på heile vestlandet og trøndelag.

– Det har dei heilt rett i.

– Det har vore tørt med lite nedbør lenge. Dette i kombinasjon med sterk vind som tørkar opp det som eventuelt måtte vera av fuktigheit i bakken gjer at det no er høg risiko.

– Seinast i går avslo vi ein forespørsel om å tenna bål.

– Bergen har innført forbod mot båltenning, og det lar vi gjelda for Os også. Det er alt for høg risiko no, seier Storebø, som fortel om fleire tilløp til lyng og skogbrannar i Bergen kommune måndag.

Forbodet vil gjelda så lenge vêret held seg som no. Først til helga vil det kunne koma noko nedbør, men ikkje nok til å avskriva brannfaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.