Lokal | 26. juni 2012

– Ikkje ulv denne gongen

Merkinga av postkassane har si naturlege forklaring. I alle fall i denne omgang.

– Ikkje ulv denne gongen
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 26. juni 2012 09:25

I førre veke og i går blei folk åtvara mot merking av postkassar og at dette kunne vera rekognisering i forkant av innbrot.

– Det viste seg, i alle fall i dette tilfellet, at det var eit avisbod som hadde merka postkassane, seier lensmann Rasmus Dalen.

Han seier denne form for merking, med klistremerke utan logo, ikkje er etter boka, men at det var i beste hensikt, å få levera avisene meir effektivt.

– Det var ikkje ulv denne gong. Men det var kanskje positivt med ei åtvaring likevel, så folk blir obs på dette med å sikra huset sitt før dei reiser på ferie, seier Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.