Lokal | 09. apr. 2010

- Ikkje vent for lenge

Mange pårørande er med stillteiande aksept med på å skjula andre sitt narkotikamisbruk. - Søk hjelp tidleg, seier Paul Kristiansen og inviterer til konferanse.

- Ikkje vent for lenge
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. apr. 2010 08:13

Laurdag inviterer Foreningen mot stoffmisbruk Os saman med Os Sanitetsforening til ope møte med temaet "Hvor søke hvilken hjelp?".

- Narkotikamisbruk er ikkje berre eit familieproblem, det er eit samfunnsproblem. Alle er pårørande og alle er velkomne, frå foreldre, søsken og anna slekt til lærarar, aktivitetsleiarar og andre interesserte, seier Paul Kristiansen frå den lokale Foreningen mot stoffmisbruk.

- Vi stiller med svært gode forelesarar og håpar på godt oppmøte. Med felles engasjement og kompetanse kan vi la dette bli ein sommar der det ikkje blir fritt fram for rekruttering.

Ventar for lenge
Har du mistanke eller bevis på at nokon nær deg er i ferd med å få usunne rusvanar? Synes du samtalar om temaet er vanskelege, og kanskje ikkje får det utfallet du hadde håpa på? Då er du ikkje åleine.

- «Trur du verkeleg at eg ...» svarar ofte den som blir konfrontert med misbruk. Pårørande når ikkje inn og blir med stillteiande aksept med på å skjula vedkomande sitt problem. Då får misbruket lov til å utvikla seg og når det er synleg for alle er det dessverre endå vanskelegare å hjelpa.

Kvar er det hjelp å få?
På konferansen, som går frå klokka 11 til 15 i Kløvertun laurdag, er både Veiledningssenteret i Rogaland, Bergensklinikkene og Landsforeningen mot stoff Bergen representert.

- Desse kjem med erfarne, gode foredragshaldarar, folk det er gjevande å høyra på for alle som er interesserte i temaet, seier Kristiansen.

Også Os Sanitetsforening er på plass.

- Dei er i ferd med å utvida tilbodet sitt til også å omfatta hjelp til pårørande av rusmisbrukarar. Det er vi veldig glade for, dei blir ein god samarbeidspartnar framover.

Nytt dop
Kristiansen fortel at Foreningen mot stoffmisbruk Os er spesielt interessert i å koma i kontakt med pårørande som har erfaring med misbrukarar av «dei nye stoffene», GHB, GBL og metamfetamin og liknande. Dette blir det også snakka ein del om på møtet i morgon.

- Vi har ein del medlemmar som er pårørande av eldre misbrukarar av meir tradisjonelle stoff. Det ville vore til stor hjelp å få utvida medlemsmassen med folk som har andre typar erfaringar.

Foredrag
Veiledningssenteret i Rogaland: ”Hvem er vi, hva gjør vi”
ved Linki Salte og Annette Næss

Bergensklinikkene: ”Deres tilbud til pårørende og hvilke problem de ser hos pårørende”
ved Kari Lossius

Landsforeningen mot stoff Bergen
ved Inga Alice Blaha

Ingang kostar 50 kroner. Det blir enkel servering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.