Sport | 10. okt. 2015

Imponerte i Inzell

Sverre Lunde Pedersen med ny personleg rekord på 1000 meter og siger på 5000 meter i Inzell.

Imponerte i Inzell
Sverre Lunde Pedersen (foto: Sander Hvammen)
Andris Hamrelørdag 10. okt. 2015 18:49

Skøyteeliten er samla i Inzell i Tyskland og Sverre Lunde Pedersen imponerer stort.

På 1000-meteren sette han laurdag ny personleg rekord med tida 1.09.71, nær eitt sekund betre enn den gamle personlege rekorden. Tida held til ein 5. plass mot sterk internasjonal konkurranse i løpet, 0.51 bak nederlandske Kai Verbij.

Vann 5000-meteren

I tillegg til 1000 meter gjekk Lunde Pedersen 5000 meter og imponerte om mogleg endå meir.

Han brukte 6.22.31 på dei fem kilometrane, med rundetidar stort sett på 30,4.

Lunde Pedersen vann framfor Jan Blokhuijsen frå Nederland med nær to sekund og Bart Swings frå Belgia med 2.45.

– Ein god start på sesongen, melder Lunde Pedersen sjølv på twitter.

Trenaren jublar

Trenar Sondre Skarli jublar over Lunde Pedersen sine løp.

– 1000 meteren var hans livs desidert beste mellomdistanseløp. Held han fram slik skal dei få slita veldig med han på 1500 meter denne sesongen. Han har no fått mykje fart og det er det han har mangla mest tidlegare. Normalt sett er 1000 meter ein distanse Sverre ikkje går fordi den er for kort for han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.