Sport | 07. feb. 2011

Imponerte på nytt

Med heile 15 innertiarar skaut Lisa Mine Gunhan seg til ein suveren siger laurdag.

Imponerte på nytt
Andris Hamremandag 07. feb. 2011 13:35

Heile 38 skyttarar frå Os skyttarlag deltok i helga på samlagsstemne i miniatyrskyting i Bruvik på Osterøy. Igjen var det ei ungjente som imponerte mest.

For fjorten dagar siden skaut Lisa Mine Gunhan fullt hus og 250 poeng på stemne på Bømlo. Laurdag gjentok ho bragden med 250 poeng på Osterøy. Heile 15 av dei 25 skota plasserte ho som innertiarar, med den serien kunne ungjenta titulera seg samlagsmeister.

Lisa Mine er del av ei god juniorklasse i Os skyttarlag. På stemnet i helga tok dei likegodt dei fire første plassane i klassa. Tommy Gorm-Hansen Tøsdal (243), Cathrine Daviknes (243) og Joachim Nerhus Midttun (243) fulgte på plassane bak.

Med på stemnet var det 20 ungdomsskyttarar får Os. For mange av dei var det første stemnet utanfor klubbhuset på Ulven.

- Fleire av dei satte nye bestenoteringar, fortel Anstein Eidsvik til midtsiden.no

Meister òg i klasse 1
Også dei ferske vaksne skyttarane gjorde det godt. I klasse 1 blei Roald Nerhus samlagsmeister etter å ha skote 245 poeng. Som i juniorklassa tok osskyttarane dei fire første plassane. Roald fekk følje av Bjørn Sigurdjonson (238), Alice Evensen (235) og Bente Hovland (229).

Nystarta damegruppe
Som resultata ovanfor syner visar den nystarta damegruppa gode resultater etter berre ei kort stund med skyting.

- Dette har vore ei nyskaping med ei enorm entusiasme og som har Voss 2012 som målsetting, fortel Eidsvik.

Neste helg er det på heimebane skyttarane skal prøva seg då dei inviterer til lagsmeisterskap på Ulven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.