Sport | 25. feb. 2016

Imponerte på Vestlandscup

Fire gull og eitt sølv blei resultatet då medlemmane i Os karateklubb stilte på årets første Vestlandscup.

Imponerte på Vestlandscup
Deltakarane frå Os karateklubb gjorde god figur på årets første Vestlandscup. (Foto: Privat)
Kari M. Lyssandtorsdag 25. feb. 2016 09:29

Laurdag 20. februar gjekk årets første Vestlandscup av stabelen i Laksevåghallen i Bergen. Der stilte 95 deltakarar frå 13 klubbar og Os Karateklubb var godt representert.

10 utøvarar, 2 lagleiarar og 2 dommarar reiste frå Os til stemnet, og utøvarane gjorde det godt i konkurransane.

I dei yngste klassane er det ingen premiering. Alle går minst to kata og minst to kumite (kamp) og her stilte Eivind, Melina, Tuva, Carmen, Mariell og Anne frå Os.

– Dei hadde alle gode kampar og gode kata, fortel hovudinstruktør sensei Cato Bruarøy.

Vann i alle gutteklassane

Os hadde ikkje med seg gutar i 14-15 års gruppa, men utanom den klassen gjekk gutane frå Os av med sigeren i kumite i alle guteklassane frå 11 år og opp til seniorklassen.

I klassen for gutar 12-13 år imponerte Benjamin Askvik Midtbø med teknisk knockout i alle kampar og skåring med ushirogeri (rundspark). I 11-års klassen blei det også gull til Even Moberg.

– Amanda Njøten var sjuk på stemnet, men likevel klarte ho å levera sterke kampar og endte opp med sølvmedalje i kvinner senior.

Ein annan som imponerte var Aner Palislamovic som skåra 49 poeng på tre kampar i menn senior.

– Det var ein overlegen siger og gullmedalje til Aner.

– Veldig nøgd med prestasjonane

Bror til Aner, Armin, gjorde det også godt og vann gullmedalje etter å ha slått ut regjerande noregsmeister i finalen.

– Det gjengen frå Os presterte på matta imponerte sensei Bruarøy.

– Dei hadde gode kampar, fin kata og gode resultat. Eg er veldig nøgd med prestasjonane, fortel Bruarøy, som òg meiner at osingane hadde det beste publikumet på tribunen.

NM, Ishøi cup og kumite-samling

Etter å ha gjort god figur på Vestlandscup har Os karateklubb stor aktivitet framover.

Fyrstkomande helg arrangerast nordens største stemne, Ishøi Cup, i København. Her deltar Armin Palislamovic både individuelt og på eit samansatt lag frå klubben sin organisasjon WIKF Norge.

Til helga reiser òg Amanda Njøten, Henrik Reed Larsen, Aner Palislamovic og Åsmund Slettevold på kumite-samling for seniorar i Irland.

– Samlinga er med Tom Scott frå WIKF USA, han er ranka som nummer ein i verda i klassen -75 kg, fortel leiar i Os karateklubb, Vidar Mjånes.

Helga etter reiser alle til Voss der det blir arrangert stor samling med hovudinstruktør for WIKF globalt, sensei Jon Wicks 8.DAN, hovudinstruktør i Nordnes KK sensei Kjell G. Jackobsen 6.DAN og hovudinstruktør i Voss KK sensei Rune Joanesarson 5.DAN.

– Her vil og nokon av medlemmane gradere seg til nye beltegrader.

Helga 11.-13. mars blir det òg travelt for Os karateklubb. Då er det NM på Bygdøyhus i Oslo. Henrik Reed Larsen, Amanda Njøten, Aner og Armin Palislamovic, Åsmund og Erlend Slettevold, Benjamin Midtbø Askvik, Tobias Hagen Røttingen, Sondre Kvamsdal, Tuva Baggen, Dan Sander Soltwedel (trener), Tor Andre Aspenes (dommar) og Vidar Mjånes (dommar) er då klare til å representera heimbygda.

– Eg trur det er den største troppen vi har hatt i NM nokon gong, avsluttar Mjånes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.