Aurora, her for fullsett Oseana på heimebane i desember. (Foto: Lilly M. Grønvigh)
Aurora, her for fullsett Oseana på heimebane i desember. (Foto: Lilly M. Grønvigh)

Aurora skal synga under Oscar-utdelinga

Får stjerner som Brad Pitt, Leonardo DiCaprio og Al Pacino som publikum.

Kjetil Vasby Bruarøy
24. januar 2020 - 8:48

I slutten av november kom Frost 2 på norske kinoar, der Aurora bidrar på låten «Into the Unknown» med hovudrolleinnhavar Idina Menzel.

Låtskrivarane er nominerte til Oscar, og ifølgje VG, som viser til Variety.com, er det no klart at Aurora og Menzel skal framføra låten under prisutdelinga i Los Angeles.

Ifølgje Variety skal alle dei fem nominerte låtane framførast under utdelinga. Det betyr at blant andre Elton John òg skal på scenen.

Dette er dei nominerte låtane (med låtskrivar):
«I Can't Let You Throw Yourself Away» (Toy Story 4) – Randy Newman
«(I'm Gonna) Love Me Again» (Rocketman) – Elton John og Bernie Taupin
«I'm Standing With You» (Breakthrough) – Diane Warren
«Into the Unknown» (Frozen 2) – Robert Lopez og Kristen Anderson-Lopez
«Stand Up» (Harriet) – Joshuah Brian Campbell og Cynthia Erivo

Blant dei mange prominente gjestane er det klart at Brad Pitt, Charlize Theron, Joaquin Phoenix, Margot Robbie, Leonardo DiCaprio, Al Pacino, Martin Scorsese og Quentin Tarantino vil vera på plass i salen.

Oscar 2020 er den 92. utgåva av Academy Awards.

Prisutdelinga skjer i Dolby Theatre i Hollywood, Los Angeles, søndag 9. februar.

11 nominasjonar til The Joker

I alt er det 24 prisar som skal delast ut.

«The Joker» har flest nominasjonar, og kan vinna 11 prisar, «The Irishman» er nominert til 10 prisar.

Dette er dei nominerte:

Beste mannlige hovedrolle:
Antonio Banderas, «Pain and Glory»
Leonardo DiCaprio, «Once Upon A Time in Hollywood»
Adam Driver, «Marriage Story»
Joaquin Phoenix , «Joker»
Jonathan Pryce, «The Two Popes»

Beste kvinnelige hovedrolle:
Cynthia Erivo, «Harriet»
Scarlett Johansson, «Marriage Story»
Saoirse Ronan, «Little Women»
Charlize Theron, «Bombshell»
Renée Zellweger, «Judy»

Beste kvinnelige birolle:
Laura Dern, «Marriage Story»
Scarlett Johansson, «Jojo Rabbit»
Florence Pugh, «Little Women»
Margot Robbie, «Bombshell»
Kathy Bates, «Richard Jewell»

Beste mannlige birolle:
Tom Hanks, «A Beautiful Day in the Neighborhood»
Anthony Hopkins, «The Two Popes»
Al Pacino, «The Irishman»
Joe Pesci, «The Irishman»
Brad Pitt, «Once Upon a Time in Hollywood»

Beste film:
«Ford v Ferrari»
«The Irishman»
«Jojo Rabbit»
«Joker»
«Little Women»
«Marriage Story»
«1917»
«Once Upon a Time in Hollywood»
«Parasite»

Beste regi:
Bong Joon Ho, «Parasite»
Sam Mendes, «1917»
Todd Phillips, «Joker»
Martin Scorsese, «The Irishman»
Quentin Tarantino, «Once Upon a Time in Hollywood»

Beste internasjonale film:
«Corpus Christi»
«Honeyland»
«Les Miserables»
«Pain and Glory»
«Parasite»

Beste foto:
«The Irishman»
«Joker»
«The Lighthouse»
«1917»
«Once Upon a Time in Hollywood»

Beste originalmusikk:
«Joker», Hildur Guðnadóttir
«Little Women», Alexandre Desplat
«Marriage Story», Randy Newman
«1917», Thomas Newman
«Star Wars: The Rise of Skywalker»

Beste originalsang:
«I Can't Let You Throw Yourself Away», «Toy Story 4», Randy Newman
«(I'm Gonna) Love Me Again», «Rocketman», Elton John & Bernie Taupin
«I'm Standing With You», «Breakthrough», Diane Warren
«Into the Unknown», «Frozen 2», Robert Lopez & Kristen Anderson-Lopez
«Stand Up», «Harriet», Joshuah Brian Campbell & Cynthia Erivo

Beste filmklipp:
«Ford v Ferrari»
«The Irishman»
«Jojo Rabbit»
«Joker»
«Parasite»

Beste dokumentar:
«American Factory»
«The Cave»
«The Edge of Democracy»
«For Sama»
«Honeyland»

Beste kortfilm-dokumentar:
«In the Absence»
«Learning to Skateboard in a Warzone (If You're a Girl)»
«Life Overtakes Me»
«St. Louis Superman»
«Walk Run Cha-Cha»

Beste animerte film:
«How to Train Your Dragon: The Hidden World»
«I Lost My Body»
«Klaus»
«Missing Link»
«Toy Story 4»

Beste animerte kortfilm:
«Dcera»
«Hair Love»
«Kitbull»
«Memorable»
«Sister»

Beste originalmanus:
«Knives Out»
«Marriage Story»
«1917»
«Once Upon a Time in Hollywood»
«Parasite»

Beste adapterte manus:
«The Irishman»
«Jojo Rabbit»
«Joker»
«Little Women»
«The Two Popes»

Beste kostymedesign:
«The Irishman»
«Jojo Rabbit»
«Joker»
«Little Women»
«Once Upon a Time in Hollywood»

Beste visuelle effekter:
«Avengers: Endgame»
«The Irishman»
«The Lion King»
«1917»
«Star Wars: The Rise of Skywalker»

Beste lydklipp:
«Ford v Ferrari»
«Joker»
«1917»
«Once Upon a Time in Hollywood»
«Star Wars: The Rise of Skywalker»

Beste lydmiks:
«Ad Astra»
«Ford v Ferrari»
«Joker»
«1917»
«Once Upon a Time in Hollywood»

Beste kortfilm:
«Brotherhood»
«Nefta Football Club»
«The Neighbors’ Window»
«Saria»
«A Sister»

Beste sminke og hår:
«Bombshell»
«Joker»
«Judy»
«Maleficent: Mistress of Evil»
«1917»