I Lønningdal skal farten opp - i alle fall på internett - men foreløpig er området på venteliste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I Lønningdal skal farten opp - i alle fall på internett - men foreløpig er området på venteliste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Deler ut 36 mill til breiband - Bjørnafjorden på venteliste

17 stadar i Vestland får støtte. Eitt område i Bjørnafjorden er på ventelista.

Kjetil Vasby Bruarøy
19. september 2020 - 9:01

Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune vedtok denne veka å dela ut midlar til å delfinansiera breibandutbygging i område der utbygging ikkje er kommersielt lønsamt.

Dette skal gi betre dekning til husstandar og verksemder som i dag har 30 Mbit/s breiband.

– Dette er ei stor og viktig satsing som vil føre til kraftig betring av den digitale infrastrukturen i fylket. Det er framleis fleire stader i Vestland, særleg nord i fylket, som ikkje har godt nok breiband, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.

– Etter kvart som den digitale infrastrukturen blir betre utbygd, håper vi at dette vil bidra positivt til utviklinga av offentlege tenester, nytt næringsliv og forsking i Vestland.

Han legg til at eit godt breibandtilbod kan spara reiser, mellom anna i samband med møter, og er eit godt klimatiltak.

Handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling i Vestland 2020 understreker kor viktig det er med godt breiband og digital infrastruktur i heile fylket.

Statlege midlar

Tilskota til breibandutbygginga blir dekka med øyremerka midlar frå staten som fylkeskommunen tildeler. Den nasjonale ramma er på 406 millionar kroner totalt til breibandsutbygging.

Vestland har fått 32,52 millionar av desse frå kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD).

I tillegg har fylkeskommunen eigne midlar til formålet.

Fylkeskommunen skal no koordinere anbodsprosessen for alle kommunane, før det blir inngått utbyggingskontraktar mellom den enkelte kommune og breibandsleverandøren som vinn anbodet.

Desse får midlar til breibandutbygging:

Summane i tabellen viser maksimaltilskot. Dei kan kan bli justert når endeleg kontrakt for utbygginga ligg føre.
Summane i tabellen viser maksimaltilskot. Dei kan kan bli justert når endeleg kontrakt for utbygginga ligg føre.

Kan koma ekstra midlar

Dersom det skulle bli meir midlar tilgjengeleg for breibandutbygging, vil midlane gå til søknadane som ikkje nådde opp.

Vestland fylkeskommune har laga ei liste over desse søknadane i prioriert rekkjefølge. Dersom det ikkje er mogleg å støtte prosjekta i denne konkurranserunden, må dei søkje på nytt i neste tildelingsrunde.

Denne lista utgjer midlar på til saman 10, 5 millionar kroner.

Desse får tilskot dersom ekstra midlar blir tilgjengeleg: 

Om det kjem eksta midlar er Lønningdal blant plassane som kan få støtte til breibandutbygging.
Om det kjem eksta midlar er Lønningdal og Bogstrand blant plassane som kan få støtte til breibandutbygging. 

 

Les meir om

Lokal Politikk Veg