Del av kartet vegvesenet no har lagt ut, med oversikt over varslingsområde. (SVV)
Del av kartet vegvesenet no har lagt ut, med oversikt over varslingsområde. (SVV)

E39 Stord-Os: Ber om innspel til reguleringsplan

Arbeidet startar no. Har lagt ut kart med varslingsområde.

Kjetil Vasby Bruarøy
18. september 2020 - 16:47

Statens vegvesen har fått i oppdrag av Samferdselsdepartementet å utarbeida ein statleg reguleringsplan for ny E39 Stord–Os gjennom kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden.

Strekninga som no skal regulerast er om lag 55 kilometer lang og går frå Ådland på Stord, via bru over Langenuen og vidare nordover til Tysnes til bru over Bjørnafjorden, og blir kopla til ny E39 ved Svegatjørn i Os.

– Reguleringsplanen skal avklara den framtidige løysinga for europavegen på denne strekninga med veg i dagen, tunnelar, kryss, bruer og tilhøyrande anlegg, seier Ellen Slinde, planleggingsleiar i Statens vegvesen.

Med utbetra og ferjefri veg vil reisetida på strekninga gå frå 90 minutt til 30 minutt.

Dagens riksvegferje mellom Sandvikvåg og Halhjem, samt fylkesferjene Jektevik–Hodnanes og Våge–Halhjem, vil bli erstatta av bruer over Langenuen og Bjørnafjorden.

Skal kartlegga miljø og landskap

– I vedtaket av kommunedelplanen stiller Samferdselsdepartementet ekstra krav til planarbeidet vårt. Dei ønsker ei yttarlegare optimalisering av løysingane, noko som betyr at vi på nokre stadar utvidar arbeidet utover grensene som er sette i kommunedelplanen, forklarer Slinde.

Vegvesenet skal òg gjennomføra ei konsekvensutgreiing (KU) for dei delane av strekninga som ikkje allereie er utgreidde. Dette skal sikra at viktige miljø- og landskapsomsyn blir kartlagt og vurdert, slik at ein har eit grunnlag for å vurdere avbøtande tiltak.

Viktig del av utbetra og ferjefri E39

Planprosjektet er eit av delprosjekta under E39 Stavanger–Bergen, og er ein viktig del av utbetra og ferjefri E39.

Målet med strekninga er å redusere reisetida mellom Bergen og Stavanger frå 4,5 timar til ned mot 2 timar.

Det vil gje større bu- og arbeidsregionar langs heile strekninga, slik at det blir ein kjeda arbeidsmarknad. Næringslivet kan lettare få tak i råvarer, innsatsfaktorar og arbeidskraft, og det blir tilsvarande enklare å eksportere varer.

Ber om innspel og opplysningar

Det er eit omfattande arbeid som no skal i gang.

Vegvesenet oppmodar folk med innspel, spørsmål og relevante opplysningar om å ta kontakt med prosjektet innan 30. oktober.

Det er mykje vi skal undersøka og dokumentera, og vi veit at det er mykje god lokal kunnskap om strekninga som vi gjerne tar imot.

– På nettsida til prosjektet har vi laga til eit interaktivt kart slik at folk kan følgje med kartleggingsarbeidet, seier Slinde.