Korleis kan det bli betre å vera ung i Bjørnafjorden kommune? Les utkastet, og sjå om du kan fylla på lista. (Bilde av Os Aktiv i mai. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Korleis kan det bli betre å vera ung i Bjørnafjorden kommune? Les utkastet, og sjå om du kan fylla på lista. (Bilde av Os Aktiv i mai. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Er du ein ungdom med synspunkt? Her kan du bli høyrd

Handlingsplan for ungdom er ute på høyring. Svarfrist er 23. oktober.

Kjetil Vasby Bruarøy
18. september 2020 - 20:54

Bjørnafjorden ungdomsråd ønsker å få fram kva som er dei viktige sakene for ungdom i Bjørnafjorden.

Då treng dei hjelp og innspel frå ungdomsmiljøet og elevråda.

Ungdomsrådet har delt eit utkast til handlingsplan inn i 7 tema:

  1. Kulturtilbod
  2. Offentleg kommunikasjon
  3. Trygge ungdomsmiljø
  4. Trygge liv
  5. Førebyggande helsetenester
  6. Klima og miljø
  7. Undervisning

Utkastet til handlingsplan, med tiltak og strategiar, kan du lesa under. 

Kva er viktige saker og tiltak for deg og ditt miljø? Er det ting du meiner ikkje kjem fram i planforslaget og som bør ha prioritet i den nye kommunen?

Fram til 23. oktober kan du senda dine synspunkt til post@bjornafjorden.kommune.no. Merk eposten med: «Høyring for handlingsplan for ungdomsrådet – sak 20/6026».

Her er høyringsnotatet (per 18.09.2020):

Handlingsplan for Bjørnafjorden ungdomsråd

1: KULTURTILBOD

For at ungdom i Bjørnafjorden skal ha gode kvardagsliv, må vi ha eit variert og godt kulturog fritidstilbod. Vi treng gode møteplassar som bind kommunen og ungdomane saman på
tvers av fjorden.

Tiltak/ strategiar:

  • Ungdomsrådet ønskjer å ha eit variert og attraktivt fritidstilbod på begge sider av fjorden. Eks ungdomsgrupper i turlaget og LAN, med gratis transport til og frå.
  • Fleire bør få høve til å delta på kulturskuletilbodet. Her kan ein vurdera eit samarbeid med t.d Kongshaug slik at «ungdom kan læra ungdom»
  • Ungdomsrådet ønskjer at kommunen skal innføra «fritidskort» og opna for redusert betaling til dei som ikkje har råd til å driva med t.d. idrett eller ta del i kulturskulen.

2: OFFENTLEG KOMMUNIKASJON

For at ungdom skal leva aktive liv i den nye kommunen, må vi satsa på betre offentleg kommunikasjon med fleire bussavgangar mellom Osøyro og Eikelandsosen og ut til krinsane.

Tiltak/ strategiar:

  • Jobba målretta inn mot Ungdommens fylkesting for betra kollektivtilbodet
  • Ta initiativ til «HentMeg»-buss, som dei har mellom anna i Odda
  • Jobba for betre kvalitet på det tilbodet ein har. Bussane må komma når dei skal og vera forutsigbare, då vil fleire ta buss.
  • Ekspressbåtrute internt i Bjørnafjorden kommune må greiast ut
  • Ta kontakt med Skyss for å for å få fleire bussruter
  • Kartlegga behovet for kollektivtransport i helger og feriar – tidspunkt og frekvens gjer at det i dag er eit dårleg tilbod.
  • Rimelegare Ungdomskort

3: TRYGGE UNGDOMSMILJØ

For at ungdom skal leva gode liv i Bjørnafjorden kommune skal oppleva trygge ungdomsmiljø både sosialt og digitalt må vi styrka arbeidet mot mobbing, krenkande språkbruk, krenkande handlingar i ungdomsmiljøa og jobba førebyggjande med nettvett.

Tiltak/ strategiar:

  • Legga til rette for felleskap rundt måltid både i skulen og på fritida
  • Læra nettvett tidleg i barneskulen. Nytta elevar i vgs som har det som ein del av eit fag i eit samarbeid med barneskulen.
  • Arbeida for auka toleranse og mindre framandfrykt. Førebyggja uheldig språkbruk i ungdpomsmiljøa.
  • Oppfordra ungdom til å gå på språkcafe
  • Strengare reglar og meir konsekevens ved overtramp, t.d. i skulen
  • Auka satsing på haldningsskapande tiltak og kampanjar. Viktig med tidleg innsats alt på  barnetrinnet.
  • I større grad bruka film og sosiale media inn mot ungdom.

4: TRYGGE LIV

For at ungdom i Bjørnafjorden kommune skal ha trygge liv, må vi satsa på trafikksikring i nærmiljøa. Barn og unge sin rett til gode fysiske oppvekstvilkår må respekterast, og barn og unge må bli involverte og høyrde i samfunnsplanlegging og politiske prosessar.

Tiltak/ strategiar:

  • Bruk av refleks må vera norma. Her kan kanskje kleskjedene vera med og gjera tiltak, der ein har innfelt refleks i ytterplagg og sko.
  • Tidleg og god involvering av barn og ungdom i planprosessar
  • Trygging av skulevegar må ha høgare prioritet
  • Bruka skulepatruljar til å sikra kritiske punkt. Gjev både trafikktryggleik og sosial tryggleik.
  • Gratis skuletransport for alle som ønskjer det kan få bort foreldrekøyringa
  • Meir fokus på brøyting av fortau – blir ofte nedprioritert
  • Generell utbetring av vegnett

5: FØREBYGGANDE HELSETENESTER

For at ungdom i Bjørnafjorden skal oppleva god helse, må vi ha gode førebyggande helsetenester som er lett tilgjengelege der ungdom oppheld seg, og på tidspunkt der ungdom kan bruka tilboda. For eksempel helsestasjon for ungdom i idrettshallar eller andre aktivitetsarenaer.

Tiltak/ strategiar:

  • Helsestasjon for ungdom til fast tid på begge sider av fjorden også etter skuletid. Tilbod fleire stader i Bjørnafjorden kommune enn på Osøyro og Eikelandsosen.
  • Helsesjukepleier på skulane, minst 3-4 gonger i veka. Varierande kor ofte dei er på skulane no.

6: KLIMA OG MILJØ

For å sikra ungdom ei god framtid er det viktig å få ei berekraftig utvikling i Bjørnafjorden kommune. Då treng vi ein nytenkande kommune som set miljø og klimaspørsmål på dagsorden

Tiltak/ strategiar:

  • Gode rutinar for resirkulering på skulen og i andre offentlege bygg. For eksempel plastsortering, og mulighet for å skylla plast.
  • El-bil ladestasjonar på skuleparkeringane
  • Betre straumstyring i bygg der ungdom ferdast
  • Kjeldesortering i alle kommunale bygg. Det må setjast ut fleire boss-spann i nærmiljøa, med pantering.
  • Fokus på plastrydding i fjorden og nærmiljøa. Felles aksjonsdag i skulen.
  • Avtala med lokale butikkar bruk av mat som er gått ut på dato til skulefrukost og -lunsj

7: UNDERVISNING

For å sikra ungdom godt læringsmiljø i Bjørnafjorden, må vi ha best moglege undervisningstenester og eit skulemiljø som triggar læring.

Tiltak/ strategiar:

  • Gratis skulefrukost på ungdomsskulane. Deretter på barneskulane.
  • Forbedra lunsjtilbodet på skulane
  • Bruka mobilen aktivt i opplæring, istadenfor å forby. Enten kutta mobilhotell, eller forbedra det som er no.

Fram til 23. oktober kan du senda dine synspunkt til post@bjornafjorden.kommune.no. Merk eposten med: «Høyring for handlingsplan for ungdomsrådet – sak 20/6026».

Les meir om

Lokal Politikk