Stine Kobbeltvedt og Kristin Vangsnes Bøe ved kultureininga i Bjørnafjorden kommune. (Foto: KVB)
Stine Kobbeltvedt og Kristin Vangsnes Bøe ved kultureininga i Bjørnafjorden kommune. (Foto: KVB)

Graffiti og e-sport: UKM-status ei veke før fristen går ut

Eitt av kursa er fullteikna, og arrangørane har over 40 påmeldte til no.

Kjetil Vasby Bruarøy
24. januar 2020 - 13:42

Årets Ung Kultur Møtes (UKM) går av stabelen søndag 9. februar i Oseana, men første UKM-arrangement i Bjørnafjorden kommune er e-sport på Os Gymnas fredag 31. januar, det neste er to grafittikurs i garasjen til Oseana laurdag 8. februar.

Generelt er det ingting som tyder på at ungdomen rundt Bjørnafjorden har gått i vinterdvale.

– Snarare tvert imot, vi har rundt 45 påmeldte allereie, og veit om fleire som skal, men som foreløpig ikkje har registrert seg, seier Stine Kobbeltvedt.

Saman med Kristin Vangsnes Bøe og Agnes Smørholm tar ho imot påmeldingar og hjelper ungdomen med å få gjennomført.

UKM i Bjørnafjorden kommune inkluderer i år også Tysnes, som òg har kome med påmeldte ei god veke før fristen går ut.

Stor interesse for kurs i graffiti

UKM handlar om meir enn song og dans, ungdomen kan stilla med alle formar for kreative innslag, og har tidlegare både kome med kortfilm, dikt og andre tekstar.

– I år har vi blant anna ei som har skrive eit teaterstykke ho saman med andre vil visa. Vi har òg mange som kjem med kunst.

Nokre melder seg på som arrangør eller konferansier, og i dag sa Eirik Søfteland ja på strak arm til å førebu dei påmeldte, unge konferansierane. 

Dagen før hovudarrangementet og sceneinnslaga er det to graffitikurs i garasjen til Oseana. Også noko av det som blir skapt her blir stilt ut.

Marie Paulsen frå GraffitiGarasjen er kurshaldar.

– Det første kurset, for unge frå 10 til 13 år gamle, er fullteikna med ti deltakarar. Vi har nokre ledige plassar på kurset for dei frå 13 år og opp i alder.

Frist, festivaljobb og legendekamp

UKM-arrangørane understreker at Ung Kultur Møtes i hovudsak handlar om nettopp det som ligg i namnet.

– Juryen sender nokre innslag vidare til fylkesfinale, men hovudbodskapen er at ungdom skal samlast og visa litt av det dei kan, ikkje at dei skal konkurrera.

Ved sidan av at bidraga kan bli sendt til fylkesfinale, vil den nye festivalen Folk og Fjord booka nokre av innslaga. Deltakarane på grafittikurset risikerer dessutan at dei får i oppdrag å, i samarbeid med Loops, dekorera ein vegg i Os sentrum under Folk og Fjord.

Påmeldingsfrist til UKM er fredag om ei veke. Same ettermiddag er første UKM-arrangement, e-sport på Os Gymnas.

Her kan ungdom frå 13 til 20 år delta i workshop i e-sport i League of Legends saman med lærar og elevar som har e-sport på gymnaset. Er du flink å spela er du òg blant dei som kan bli sendt til UKM Vestland til våren.

 

 

Les meir om

Kultur Musikk Scene