Messe gav meirsmak

Askeladden Center var med å arrangera messe i Dolviken. Det blei vellukka.

Kjetil Vasby Bruarøy
27. september 2011 - 8:59

– Vi fekk hand om eit flott lokale i Norsk Båtsenter sitt anlegg og vil vera med å revitalisera Dolviken som eit av dei mest spennande båtmiljøa i Bergen, sa dagleg leiar i Båtens Beste, Jonathan Dyrstad, til Midtsiden i juni.

Han skulle då til å opna Askeladden Center. Samarbeid med nabobedriftene og revitalisering har det også blitt, i helga var Askeladden-gjengen med på å arrangera «Den store båtmessen» i Dolviken, parallelt med båtmessa Båter til Sjøs i Arenum.

– Betre enn å flytta på seg

Askeladden Center, Nye Norsk Båtsenter, Yacht Marine og Frydenbø Båtsenter er blant bedriftene i samarbeidet, og desse har til saman 3000 kvadratmeter utstilling innandørs i Dolviken og over 130 båtar som ligg i sjøen klar for prøvekjøring.

– Som arrangør fekk vi vist publikum langt fleire båtar her vi held til i kvardagen framfor å flytta nokre få båtar til eit messeområde langtvekke, seier Helge Sjursen i Nye Norsk Båtsenter.

I tillegg kunne messa by på gratis entré og aktivitetar for barn. Blant anna var politibåten Kjølen og Røde Kors sin båt på besøk.

Fleire messer neste år

Den nye båtmessa i Dolviken har kome for å bli. Stor publikumsoppslutning gjer at arrangørane vil setja opp fleire messer i året.

– Vi satsar på å utvikla Dolviken, med heile sitt unike båtmiljø, til Vestlandets nye store messeområde for båtar og båtrelaterte produkt, seier Sjursen.

Planlegginga er allereie i gang og arrangørane har blant anna mål om å setja opp fleire hallar slik at det meste av utstillinga på land blir under tak.

– Vi har også blitt kontakta av fleire som ikkje held til i Dolviken, men som vil vera med på neste messe. Interessa for det vi held på med er stor, avsluttar Helge Sjursen.

Midtsiden samleside: Askeladden