Terje Søviknes, her med ein kort prat med Gustav Bahus i kommunestyremøtet tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Terje Søviknes, her med ein kort prat med Gustav Bahus i kommunestyremøtet tysdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

«No stikk eg til Oslo»

– Det er nok det beste for alle om eg ikkje blir sitjande som ein sjuande far i huset, seier statsråd Søviknes til Midtsiden.

Kjetil Vasby Bruarøy
19. desember 2019 - 14:58

Møtet i Bjørnafjorden kommunestyre tysdag var det siste vi såg til Terje Søviknes (Frp) i lokalpolitikken på ei stund.

I går blei det kjent at Søviknes overtar etter Listhaug som eldre- og folkehelseminister etter ekstraordinært statsråd på Slottet.

Det er venta at nestleiar i Bjørnafjorden, Frp Laila Reiertsen, rykker opp og overtar styringa av lokalpartiet. Men dette blir avgjort av medlemmane i partiet. Første vara og på veg til ein av Frp sine 12 faste plassar i kommunestyret er Thorstein Skårnes.

– Greit for alle at eg forlet Bjørnafjorden 

Vi fekk ein prat med Søviknes på telefon frå Stortinget onsdag kveld rundt midnatt.

– Stortingsgruppa hadde tilfeldigvis julebord i går kveld. Eg valte å tolka det som ein fest for meg, spøker Terje.

Som statsråd held Søviknes fram som nestleiar i partiet.

– Kor lenge har det vore snakk om retur til Oslo og regjeringa?

– Vi i partileiinga har sete sidan valet og jobba med strategi og planar for 2021 og 2023, men det er partileiar og statsministeren som har hatt diskusjonane kring dei ulike postane i regjeringa. At eg var tiltenkt ein post som eldre- og folkehelseminister fekk eg først veta fredag.

I august i fjor reiste han heim for å få meir tid med ungane. Etter valet i år sa dei sjølv at det var greit om han ville til Oslo igjen.

– Eg trur kanskje det er greit for alle om eg, etter 20 år som ordførar, ikkje blir sitjande i kommunestyret som ein sjuande far i huset.

– Men eg vil naturlegvis følgja med på lokalpolitikken og prøva å møta Frp si kommunestyregrupper med jamne mellomrom. 

Kvifor ikkje olje og energi?

Søviknes var olje- og energiminister frå desember 2016 til august 2018.

– Kvifor gjekk du ikkje berre inn og erstatta arvtakaren din, Kjell Børge Freiberg (Frp), i staden for denne omrokkeringa med å gi Listahaug nok eit nytt departement og plassera deg som eldre- og folkehelseminister?

– Dette er det Erna og Siv som avgjer, men det går an å forstå avgjerda deira. Det har vist seg at det å koma tilbake til eit departement du tidlegare har tredd av frå, ofte ikkje er gunstig. Dessutan kan det handla om å bygga brei kompetanse i organisasjonen, eg trur Listhaug vil bli ein god olje- og energiminister!

Tar med seg god erfaring til nytt departement

– Sjølv ser eg fram til å bli eldre- og folkehelseminister. Eg har jobba mykje med eldreomsorg i politikken, og som ordførar sett Frp sin politikk i praksis. 

Som ordførar i Os har Søviknes erfaring med blant anna pivat drift av eldreomsorg og statleg finansiering (SIO) av eldreomsorga. SIO har hatt mykje å seia for økonomien i Os, og vil få mykje å seia for økonomien i komande Bjørnafjorden kommune.

– Det viktigaste elementet med staleg finansiering er at brukarane skal få like gode tenester uavhengig av kva kommune dei bur i. Og det handlar ikkje berre om økonomi, men om gjennomføring. Eit eksempel er kor nær og god dialog du har med brukarane og pårørande.

Eldrebølgja er på veg, og for å kunna yta like god omsorg i framtida er Noreg avhengig av både teknologi og ei anna organisering. Einaste alternativ er ei urealistisk høg oppbemanning innan helse og omsorg.

– Er det dette som blir hovudfokuset ditt i åra som kjem, kapasitet og teknologi?

– Ja, eitt av dei. Heldivis har folk byrja å forstå at teknologi ikkje treng å bety færre varme hender, men avlasting for dei menneska vi har. Eit godt eksempel på ressursbruk som på alle måtar kan bli betre, er overvaking mens brukaren søv. Teknologi kan fint erstatta det at folk kjem om natta for å sjå at ikkje brukaren har ramla og ligg på golvet.

– Men departementet mitt jobbar òg med generell folkehelse. Mosjon og friluftsliv blir viktige og interessante område å jobba med, legg Søviknes til.

Statsråden kjem heim til Os og Lysefjorden i kveld, og blir heime gjennom jula. Rett nok med litt faglektyre i kofferten.

Les meir om

Lokal Politikk