Ny storebror frå Askeladden

Askeladden Boats følgjer opp P66-suksessen med romslege P80.

Kjetil Vasby Bruarøy
31. oktober 2011 - 13:44

I fjor kom Askeladden P66 Pilothouse, ein heilårsbåt tilpassa hobbyfiskarar. I år blei P66 Weekend lansert.

– P66 Pilothouse blei veldig godt mottatt, i år segla nykomaren P66 Weekend opp på same salgstal. Nordover sel vi flest Pilothouse, på Vestlandet går det meir i familieturar og fritid, så her har Weekend vore ein vinnar, fortel marknadssjef Leif Bergaas.

Han seier marknaden har vore god for heilårsbåtar, også no når den har svikta for mange andre typar båtar.

– No var det naturleg å følgja opp med ei større variant, seier Bergaas om P80 Weekend, som skal lanserast på messene som står for tur i starten av 2012.

Innanbords og utanbords

Medan den 6,60 meter lange P66 blir selt med utanbordsmotor på opptil 150 hestekrefter (34 knop) kan du velja inntil 250 hestekrefter til P80.

Askeladden P80 kjem også med innanbordsmotor, om du vil, ein 220 hestekrefter sterk Volvo D3.

– Båten kjem til å kosta frå 700.000 kroner med med 200 hestekrefter påhengsmotor, vil du ha diesel må du ut med rundt 150.000 kroner ekstra, opplyser Bergaas.

Fleire overnattingsplassar

Askeladden P66 Weekend har 2 + 2 overnattingsplassar, i P80 blir det plass til fleire senger.

– P80 har overnattingsplass til 6 i to meir eller mindre lukka cabinar.

Båten har også toalett med dusj og vask.

– Vi får opp éin av kvar, innanbords og utanbords, til Dolviken om to veker. Då kjem forhandlarar for prøvekjøring og bestilling ut frå kva variant dei sjølv har mest tru på, seier Bergaas.

Produksjonen av P66 fram til påske er allereie bestilt av forhandlarar.

Fakta, Askeladden P80 Weekend

Lengde: 8,00 m
Breidde: 2,90 m
Djupne: 0,80 m
Vekt utan motor: cirka 2.200 kilo
Vekt med Volvo D3: cirka 2.600 kilo
Personar: 8
Motoralternativ:
Suzuki 150 XL - 225 XL
Volvo D3 diesel 220 hk
Fart med Suzuki 225/Volvo 220: 35 knop

Midtsiden samleside: Askeladden