Nore Neset barneskule sin leikeplass er blant dei som har vore stengt. Ikkje alle opnar opp igjen, følg skilting. (Foto: KVB)
Nore Neset barneskule sin leikeplass er blant dei som har vore stengt. Ikkje alle opnar opp igjen, følg skilting. (Foto: KVB)

Opnar nokre leikeplassar for avgrensa bruk

... og aukar frå 3 til 5 saman på fotballbanane.

Kjetil Vasby Bruarøy
07. april 2020 - 9:08
  • Midtsiden startar utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Bjørnafjorden kommune har, i samråd med kommuneoverlege og smittevernoverlege, beslutta å følgja dei nasjonale retningslinene for organisert aktivitet ved utandørs idrettsanlegg og leikeplassar.

Dei blir no opna for bruk, men med restriksjonar.

Dette gjeld fleire kommunale leikeplassar, men ikkje alle.

Leikeområda ved nokre av skulane og barnehagane er framleis stengde, og kommunen ber innbyggarane respektera skilting. Årsaka er at kommunen gir eit omsorgstilbod til mellom andre barn av foreldre med samfunnskritiske funksjonar, også i heilagdagane, og leikeområda ved desse skulane og barnehagane er framleis stengde for allmenn bruk.

Private skular og barnehagar bestemmer sjølv om deira uteområde skal vere opne, det same gjeld private leikeplassar og nærmiljøanlegg.

Ved bruk av leikeplassar gjeld desse restriksjonane:

  • Maksimalt fem personar, inkludert vaksne, i ei gruppe 
  • Hald to meters avstand til barn/personar som ikkje er i same husstand som deg
  • Vis god hand- og hostehygiene
  • Spytting er forbode!

Kommunen oppmodar foreldre til å vera med barna på leikeplassen, og til å desinfisera dei stadane barnet tar på før og etter leiken. Hugs grundig handvask før de går ut og når de kjem heim!

Frå 3 til 5 på banen

Innandørs anlegg, som idrettshallar, gymsalar og svømmehallar, er framleis stengde.

I førre veke blei det opna for eigentrening på fotballbanane igjen, men då i grupper på berre 3 personar per fjerdedel (1500 kvm) av banen.

Dette er no auka til 5 personar.

Os Fotball presiserer: 
1. Me vil halde på 4 soner (kvar bane) til over påske, slik at det er god avstand mellom gruppene. 
2. Måla skal ikkje flyttast.
3. Vakthald blir oppretthalde til over påske. Det har fungert godt og dersom nokon kunne tenkt seg å bidra her sett me stor pris på det!

Generelt gjeld dette ved all tilrettelagt (organisert) aktivitet, som ballspel, gruppetrening, styrketrening, kondisjonstrening:

  • Deltakarane skal til einkvar tid halde ein avstand på minst to meter.
  • Ei gruppe kan bestå av maksimalt fem personar inkludert trenar.
  • Ved aktivitet for barn og unge, skal det vere ein vaksenperson tilstades som har ansvar for at aktiviteten blir gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernsreglar.
  • Garderobar, dusjar, klubbhus skal vere låst av. Spelarane må skifte heime. Dei skal ikkje samlast i større grupper enn 5 (inkl trenar/veileiar før og/eller etter aktiviteten)
  • Deltakarane kan ikkje berøre samme gjenstand med hendene eller anna hud (t.d. nikke ein fotball, flytte ei kjegle).
  • Dei generelle smittevernreglene om god hand- og hostehygiene skal overhaldast.
  • Det må ikkje forekomme spytting.
  • Aktiviteten skal utøvast på ein forsiktig måte for å unngå skader og ei ekstra belastning på helsevesenet.
  • Det blir oppfordra til å nytte alternativ til kollektivtransport i samband med reise til og frå organisert aktivitet.
  • Klubber og lag er sjølv ansvarleg for at retningslinjene blir følgd, også eige særforbund sine Koronasmittevernregler. Ved brot på desse vil Bjørnafjorden kommune vurdere forbod. Dette av smittevernhensyn.

Eigenorganisert aktivitet

For eigenorganisert aktivitet gjeld dei same reglane som for organisert aktivitet.

  • To meters avstand
  • Maksimalt fem personer saman
  • Ikkje ta på same gjenstand
  • God hand- og hostehygiene
  • Ikkje spytt

 

Les meir om

Lokal Korona Fotball