Coveret på den ferske EP-en frå «Snille Gutter».
Coveret på den ferske EP-en frå «Snille Gutter».

Snille gutar - rampete tekstar

«Har ein doktorgrad i moren din».

Kjetil Vasby Bruarøy
15. april 2020 - 12:20

To studentar frå Os har fått ledig tid i Sogndal, og har ferdigstilt ein EP med tre låtar dei i dag la ut på Spotify.

– Vi hadde fire låtar, men fekk ikkje den siste ferdig, så det kjem meir, seier Henrik Vågen.

Saman med kameraten Eric Skorpen utgjer han duoen «Snille Gutter».

Dei tre ferske låtane heiter «Du skal få det», «Ligge med deg» og «2 minutter». Ut frå namna på låtane; ein raud tråd der, altså.

Henrik Vågen (t.v.) og Eric Skorpen. (Privat foto)
Henrik Vågen (t.v.) og Eric Skorpen. (Privat foto)

– Berre på gøy

Eric studerer idrett, Henrik økonomi og jus. Ingen av dei speler instrument, men er glade i musikk og å skriva låtar.

– Vi har hatt det som hobby ei stund, fortel Henrik, som var med Baste Træen på «Kom igjen!» i fjor sommar.

Kom igjen er spelt cirka 7.500 gongar på Spotify og 4.500 gongar på Soundcloud.

Konsert og festival

No håper «Snille Gutter» at koronakrisa ikkje set ein stoppar for alle festivalar denne sommaren.

– Det er jo festmusikk, og litt festing blir det uansett i sommar. Men vi håper det òg blir gjennomført ein del festivalar, ikkje minst Tysnesfest.

– Vi har ikkje dei store ambisjonane, men så lenge folk synest det er gøy det vi driv med, og folk speler låtane våre, så held vi fram.

Duoen ønskjer òg å spela konsert så snart koronasituasjonen opnar for det. 

 

Les meir om

Kultur Musikk