Stig sykla til Bergen og heim igjen for første gong fredag. Det gjekk så fint at han tok same tur to dagar seinare.
Stig sykla til Bergen og heim igjen for første gong fredag. Det gjekk så fint at han tok same tur to dagar seinare.

Stig sykla rekordlangt på fredag - gjentok turen søndag

Saknar fotballen, held seg i form på to hjul.

Kjetil Vasby Bruarøy
20. april 2020 - 21:59
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Stig Øvreeide er aktiv på Søre Neset sitt stjernelag, men har blitt rastlaus etter langt opphald grunna koronapandemien.

– Eg liker å sykla, men plar berre sykla rundt her på Os, og frå huset mitt på Kuhnle til jobb på Os Asvo, fortel Stig.

Fredag bestemte han seg for å ta turen heilt til by'n.

– Eg ville imponera meg sjølv, og det klarte eg. Nokre av venane mine blei òg imponert, fortel den spreke 52-åringen.

Turen tok tre timar. Han hadde kvidd seg litt til Vallaheiane, men også det gjekk fint.

– Eg trødde heilt opp både på veg til by'n og heim igjen, men det var tungt!

Vallaheiane var tyngst, men Stig trødde opp heile, begge vegar.
Vallaheiane var tyngst, men Stig trødde opp heile, begge vegar. 

Tok same tur éin gong til

Det er 19 år sidan han parkerte mopeden, og flittig bruk av sykkelen har gitt god trening.

– Eg blei ikkje stiv i beina ein gong, så eg tok turen til Bergen igjen søndag. No gler eg meg til å byrja fotballsesongen igjen, men lange sykkelturar gav meirsmak.

– Kanskje eg skal melda meg på Bergen-Voss! Men då må eg trena litt meir, og sikkert kjøpa meg ein racersykkel.

Stoig og resten av stjernelaget etter siger over Brann i fjor vår. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stoig og resten av stjernelaget etter siger over Brann i fjor vår. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)