Bjarte Andersen fortel om ein overraskande god sommar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjarte Andersen fortel om ein overraskande god sommar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Suksessrik sommar på Catten - men no heng Høie i bremsen

Frå 8. august blir kranen stengt ved midnatt.

Kjetil Vasby Bruarøy
07. august 2020 - 14:15

I dagens pressekonferanse, som i skrivande stund framleis pågår, kom helse- og omsorgsminister Bent Høie med ein aldri så liten bremsekloss til utelivsbransjen.

Det blir nasjonal skjenkestopp klokka 24.00 frå laurdag 8. august.

– Hovudomsetnaden vår er frå klokka 00.30 og utover, men vi håper gjestane våre kan justera seg og koma noko tidlegare ut, seier innehavar av Catten Nightclub i Os sentrum, Bjarte Andersen.

– Har de vurdert å opna tidlegare, for å framskynda kvelden og festen for gjestane?

– Nei. Vi opnar klokka 17 i kvardagane og klokka 15 laurdag og søndag. Det trur eg vil vera tidleg nok.

Siste kveld med nattklubb til 03 blir ifølgje Andersen i kveld, natt til laurdag.

Uvanleg god sommar

Torsdag 4. juni var første opningsdag hos Catten etter koronapausen som starta torsdag 12. mars.

– Dei første vekene var litt roleg. Vi var godt førebudde på smitteverntiltak, og fekk i starten fin erfaring med grensesetjing. Dette såg det ut som om gjestane og blei vane med.

– Frå tredje veke etter opning, og gjennom heile juli, har vi hatt uvanleg godt besøk heile veka. Juli er normalt ein roleg månad, men her speler nok både heimeferie og spennande kampar i fotballpuben inn.

Liverpool fekk premien sin, Manchester United kvalifiserte seg til Champions League og Leeds rykte opp. I tillegg har det vore tett med kampar i Tippeligaen, Brann med osingen Ole Martin Kolskogen som forsvarsklippe.

– I tillegg har quizkveldane vore godt besøkte, fortel Bjarte.

Ventar med senior breiddefotball

Regjeringa vil ikkje utvida til arrangement for 500 personar, men held på 200.

Det betyr at Oseana må venta med å selja full sal.

Os, Lysekloster og andre seniorar i 3. divisjon og ned må venta med å trena med kontakt - det ligg heller ikkje an til seriestart 1. september.

Elles vurderer regjeringa å innføra krav om munnbind på offentleg transport. Meir detaljerte reiseråd vil koma i neste veke, fredag 14. august.