UP målte både retning Halhjem og retning Os ved vekta i dag. (Arkivfoto: KVB)
UP målte både retning Halhjem og retning Os ved vekta i dag. (Arkivfoto: KVB)

Tok 10 fartssyndarar på 2,5 time

UP med kontroll på Halhjemsvegen i dag.

Kjetil Vasby Bruarøy
19. mai 2020 - 14:23

Tysdag har utrykningspolitiet hatt fartskontroll med laser på E39 Halhjemsvegen.

– Dei var på post ved den gamle vekta på ytre Moberg frå klokka 08.49 til 11.19, fortel politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Klokka 10.39 snudde dei laseren, så det blei målt fart både retning Halhjem og retning Os.

Det blei i alt skrive ut ti forenkla forelegg.

Høgaste fart blei målt til 92 km/t, noko som resulterer i 6.400 kroner å betala og tre prikkar på førarkortet. Om farten hadde vore 1 km/t lågare, ville vedkomande fått berre to prikkar.

Les meir om

Lokal Politi