To varaer svarer ein annan, Marie Hauge (t.v.) og Tone Hepsøe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
To varaer svarer ein annan, Marie Hauge (t.v.) og Tone Hepsøe. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vi høyrer deg, Thorstein

Men er ikkje så sikre på at du vil lika svaret.

Kjetil Vasby Bruarøy
17. september 2020 - 13:55

Lesarinnlegg, svar på innlegget «Handlekraften er borte» av Thorstein Skårnes:

Vararepresentant Thorstein Skårnes frå Frp har påtatt seg rolla som den store opposisjonelle; den som peikar på alt som er gale hos dei styrande. Ei viktig rolle dét, men det blir fort meir komisk enn nyttig, når det som vert brakt til torgs både er feil og til dels usant.

Ein del av desse påstandane kan ikkje stå uimotsagt, så her kjem eit svar – frå to varaer til ein annan.

Skårnes er svært misnøgd med prosessen for Bjørnafjorden 22. Denne prosessen blei samrøystes vedtatt i kommunestyret tidlegare i år. Skårnes var sjølv møtande vara, og stemte saman med resten av FrP og kommunestyret for vedtaket som definerte denne prosessen.

Vi meiner den langvarige situasjonen med covid-19 har vore handsama særs godt, både frå administrasjonen og frå politisk leiing. Det viser også tilbakemeldingane frå innbyggjarane.

Skårnes harselerer med at dei fire partia i plattforma av og til stemmer ulikt. Dei ulike partia har vore samde heile vegen om at dei politiske skiljelinene ikkje skal viskast ut. Med det eineveldige FrP-styret i Os i førre periode friskt i minne, forstår vi at Skårnes synest det er nytt og uvant med opne og demokratiske prosessar.

Posisjonen gjekk til val på at vi ønsker å skapa gode og trygge liv for innbyggjarane I Bjørnafjorden. Dette vert det jobba med kvar dag – ordføraren er på hogget for å sikre høve til sjuketransport uansett kvar du bur i kommunen og trygge skulevegar – berre for å nemna to ferske døme. Meir kjem når det vert gjort opp rekneskap for det første året med nytt styre i ny kommune.

Vi forstår at det er sorg i Frp-leiren over at makta glapp. Men det er kanskje på tide å koma vidare? Veljarane har talt; dei ville ha endring.

Marie Hauge, MDG
Tone Hepsøe, Ap

(varaer til Bjørnefjorden kommunestyre)